Fladda-chuain er ei øy som ligg nord for Trotternishhalvøya på Skye i Indre Hebridane i Skottland.
Namnet kjem frå det norrøne Flatey, som tyder «flat øy», og Cuan, som er eit skotsk-gælisk ord for «hav» (eller «bukt» på irsk og gælisk). Sistnemnde viser truleg til the Minch, som vert kalla An Cuan Sgìth («Skyehavet») eller Cuan na Hearadh («Harrishavet»).
Fleire segner er knytte til Fladda-chuain.
Det ligg nokre ruinar av eit kapell her, som er sagt å vere bygt av ein O'Gorgon i tida til heilage Columba.[1]
Den siste kjende innbyggjaren på øya vart kalla Am Muileach Mòr, som anten tyder «den store Mullmannen» eller «mannen på neset»[1]
I 2002 gjekk atomubåten HMS «Trafalgar» på grunn ved Fladda-chuain.