Flatøy | |
---|---|
Geografi | |
![]() | |
Stad | Kvernafjorden |
Koordinatar | 60°32′25″N 05°15′37″E / 60.54028°N 5.26028°E
|
Areal | 2,2 km²
|
Høgaste punkt | Håøytoppen (171 moh.)
|
Administrasjon | |
Land | ![]() |
Fylke | Vestland
|
Demografi | |
Folketal | 492 (2023) |
Folketettleik | 224 /km² |
Flatøy (eller Flatøyni) er ei øy på 2 kvadratkilometer i Alver kommune i Vestland. Øya er no eit trafikk-knutepunkt med bruer over Hagelsundet (250 m) til Knarvik, Nordhordlandsbrua (1610 m) over Salhusfjorden til Bergen, og Krosnessundet bru (391 m) til Holsnøy.
På øya driv Frank Mohn Flatøy AS sin olje- og gassdivisjon, med produksjon av pumper. Flatøy flystasjon vart oppretta i 1917 som base for militære sjøfly, og frå 1920 var den base for Det Norske Luftfartsrederi AS, som dreiv ruteflyging Bergen–Haugesund–Stavanger. Etter krigen brukte Thor Solbergs flyselskap basen i nokre år. På den nordvestlege delen av øya låg fortet Håøy. I 1937 vart Flatøy skule opna.
Folketalsutvikling:
1801[1] | 1900[2] | 2000[3] | 2023[3] |
---|---|---|---|
29 | 125 | 389 | 492 |