Follebu | |||
stad | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Innlandet | ||
Kommune | Gausdal | ||
Areal | 1,14 km² | ||
Folketal | 1 210 (2023) | ||
Folketettleik | 1 061 / km² | ||
Postnummer | 2656 FOLLEBU | ||
Preposisjon | i Follebu | ||
Ferdselsårer | 255 Fv315 Fv341 | ||
Follebu 61°12′57″N 10°17′06″E / 61.21581°N 10.28498°E | |||
Wikimedia Commons: Follebu |
Follebu er eit sokn og tettstad i Gausdal kommune sør i Gudbrandsdalen i Innlandet fylke.
Follebu sokn har om lag 2 400 innbyggjarar (2013), og femnar om bygdene rundt elva Gausa frå grensa i sør mot Lillehammer kommune og nordover til og med Einstad og tettstaden Segalstad bru som delest i to av soknegrensa. Det høyrde til Gausdal prestegjeld fram til 1878, deretter Østre Gausdal prestgjeld. Follebu kyrkje er bygd år 1260 og ligg eit stykke nordom Follebu tettstad.
I Follebu ligg òg Aulestad, heimen til Bjørnstjerne Bjørnson som no er museum.
Tettstaden Follebu er med 1 210 innbyggjarar per 1. januar 2023 den største i kommunen, ligg 4 km søraust for kommunesenteret Segalstad bru og 16 km nordvest for Lillehammer.
Folketalsutvikling i tettstaden Follebu | ||||
---|---|---|---|---|
År | Innbyggjarar | |||
1920 | 196 | |||
1930 | 242 | |||
1946 | 255 | |||
1950 | 249 | |||
1960 | 409 | |||
1970 | 504 | |||
1980 | 727 | |||
1990 | 780 | |||
2000 | 842 | |||
2009 | 1 015 | |||
2012 | 1 063 | |||
Kjelder: |