Fool (If You Think It's Over) Singel av Chris Rea frå albumet Whatever Happened to Benny Santini? | ||
B-side |
«Midnight Love» | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | Juli 1978 | |
Sjanger | poprock, softrock | |
Lengd | 3:39 (singel) 4:47 (album) | |
Selskap | Magnet (UK) United Artists (US) | |
Låtskrivar(ar) | Chris Rea | |
Produsent | Gus Dudgeon | |
Chris Rea-kronologi | ||
«So Much Love» (1974) |
Fool (If You Think It's Over) | «Whatever Happened to Benny Santini?» (1978)
|
«Fool (If You Think It's Over)» er ein song av den britiske musikaren Chris Rea frå 1978. Songen vart gjeven ut på debutalbumet hans, Whatever Happened to Benny Santini? og var den første singelen frå albumet.
Songen nådde først ikkje singellista i heimlandet Storbritannia, men gjorde det godt i USA der han klatra til 12. plassen på Billboard Hot 100-lista i september 1978.[1][2] Songen låg òg tre veker på toppen av den amerikanske adult contemporary-lista.[3] Songen vart så gjeven ut på ny i Storbritannia og nådde då 30. plassen på UK Singles Chart.[2][4]
Liste (1978) | Peak position |
---|---|
Australia [5] | 39 |
Canadian RPM Top Singles[6] | 15 |
Canadian RPM Adult Oriented Playlist[7] | 1 |
Nederland - topp 40[8] | 25 |
New Zealand[9] | 31 |
UK[4] | 30 |
U.S. Billboard Hot 100[2] | 12 |
U.S. Cash Box Top 100[10] | 10 |
U.S. Billboard Easy Listening[2] | 1 |
Liste (1978) | Plassering |
---|---|
Australia [5] | 133 |
Canada[11] | 101 |
U.S. Billboard Hot 100[12] | 84 |
U.S. Cashbox[13] | 86 |
Songen er òg blitt spelt av fleire andre artistar, mellom andre den britiske songaren Elkie Brooks som tok songen til 17. plassen på den britiske singellista i 1981.[14]
Songen vart nytta som kjenningsmelodi til den britiske situasjonskomedien Joking Apart i 1990-åra. Kenny Craddock arrangerte og framførte denne versjonen av songen.[15]