Fool in the Rain Singel av Led Zeppelin frå albumet In Through the Out Door | ||
B-side |
«Hot Dog» | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 7. desember 1979 | |
Innspelt | November–desember 1978 | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 6:08 | |
Selskap | Swan Song | |
Låtskrivar(ar) | John Paul Jones, Jimmy Page, Robert Plant | |
Produsent | Jimmy Page | |
Led Zeppelin-kronologi | ||
«Candy Store Rock» / «Royal Orleans» (1976) |
Fool in the Rain |
|
«Fool in the Rain» er ein song av det engelske rockebandet Led Zeppelin på albumet deira In Through the Out Door frå 1979. Han vart gjeven ut som singel i USA der han nådde 21. plass i februar 1980.
Songen har ei latinsk kjensle. Hovuddelen av songen er i 12/8-takt og har ein uvanleg 6-over-4 polyrytmisk rytme, der pianoet og bassen spelar 6 slag per takt og melodien (og delar av trommene) spelar 4 slag per takt.
Bassisten John Paul Jones og vokalist Robert Plant utvikal ideen om ein sambarytme på songen etter å ha sett verdsmeisterskapen i fotball 1978 i Argentina.[1]
Teksten handlar om ein mann som skal møte ei dame på eit visst gatehjørne. Når kvinna ikkje dukkar opp vert han først lei seg, men i det siste verset skjønar han at han har gått til feil stad.
Songen vart aldri framført på konsertane til Led Zepplin. Pianoet er ein vesentleg del av songen, men med John Paul Jones på piano, var der ingen til å spele bass.