For Ladies Only Studioalbum av Steppenwolf | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | November 1971 | |
Innspelt | 24. november 1970 - 30. mai 1971 | |
Studio | American Recording Studios, Studio City, CA | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 45:19 | |
Selskap | Dunhill | |
Produsent | Richard Podolor | |
Steppenwolf-kronologi | ||
---|---|---|
Steppenwolf 7 (1970) |
For Ladies Only | Gold: Their Great Hits (1971)
|
Singlar frå For Ladies Only | ||
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
Christgau's Record Guide | C+[4] |
Rolling Stone | (middels)[5] |
For Ladies Only er det sjette studioalbumet til det kanadisk-amerikanske rockebandet Steppenwolf. Albumet kom ut i november 1971 på Dunhill Records. Det er eit politisk konseptalbum som hovudsakleg handlar om feminisme, men som òg inneheld fleire meir konvensjonelle songar om romantikk, begge uvanlege tema for Steppenwolf. Nokre kritikarar meinte at albumet var sexistisk, med tilvising til songtekstane og eit bilete av ein bil forma som ein penis ved sida av Hollywood Walk of Fame på innsida av omslaget. På albumet hinta bandet til progrock-rørsla som var populær på den tida, med meir komplekse arrangement og sofistikert klaverspel, spesielt på tittelsporet. Til liks med det førre albumet vart det akkompagnert av to mindre hitsinglar som akkurat ikkje nådde topp 40.[6]
Sologitaristen Kent Henry frå Blues Image erstatta Larry Byrom før innspelinga av dette albumet. Albumet var det siste med nytt materiale for Steppenwolf før bandet vart oppløyst i februar 1972.
Albumet låg på 54. plassen på Billboard 200. Albumet vart ikkje godt motteke av meldarane, og Robert Christgau skreiv «Desse karane har sanneleg mista den hippe auraen sin.»[7] AllMusic-skribenten Joe Viglione skreiv: «I ettertid er For Ladies Only ein fin artefakt av eit band som kanskje vart bede om å skapa for mykje for tidleg.»[3]
Record World skreiv at tittelsporet «er solid i den hardkøyrande, hardrockande tradisjonen til Steppenwolf».[8]
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «For Ladies Only» | Jerry Edmonton, Kent Henry, John Kay, Goldy McJohn | 9:13 |
2. | «I'm Asking» | Edmonton, McJohn | 4:25 |
3. | «Shackles and Chains» | Kay | 4:57 |
4. | «Tenderness» | Mars Bonfire | 4:51 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «The Night Time's for You» | Bonfire, Morgan Cavett | 2:56 |
2. | «Jaded Strompet» | Edmonton | 4:40 |
3. | «Sparkle Eyes» | George Biondo, Kay | 4:29 |
4. | «Black Pit» | Henry, McJohn | 3:46 |
5. | «Ride With Me» | Bonfire | 3:15 |
6. | «In Hopes of a Garden» | Biondo | 2:01 |
Album - Billboard (USA)
year | Liste | Plassering |
---|---|---|
1971 | Billboard 200 | 54 |
year | Singel | Liste | Plassering |
---|---|---|---|
1971 | «For Ladies Only» | Billboard Hot 100 | 64 |
1971 | «Ride With Me» | Billboard Hot 100 | 52 |