Foramen incisivum er ein traktforma foramen i den harde ganen som ligg bak incisivane i munnhola. Den er kontinuerleg med c. incisivi, og ligg bak dei sentrale incisorane i fossa incisiva i overkjeven. Den blir ofte rekna som å vere samansett av fire mindre foramina.
Den tek imot n. nasopalatinus og a. sphenopalatina frå golvet av nasehola, som forsyner munnslimhinna i den harde ganen.