Forsvarets forskingsinstitutt | |||
| |||
| |||
Org.form | Organisasjonsledd | ||
---|---|---|---|
Org.nr. | 970963340 | ||
Skipa | 1946 | ||
Morselskap | Forsvarsdepartementet i Noreg | ||
Hovudkontor | Kjeller[1] | ||
Land | Noreg[2] | ||
Adm.dir. | Kenneth Ruud | ||
Nettstad | https://www.ffi.no |
Forsvarets forskingsinstitutt (FFI) er ein statleg forskingsinstitusjon underlagd Forsvarsdepartementet med ansvar for forsking og utvikling for behova til Forsvaret og forstå sårbarheita og utfordringane samfunnet står eller kan stå overfor.[3] FFI er eit tverrfagleg institutt, og har melom anna tilsette med fagbakgrunn innan matematikk, fysikk, informasjonsteknologi, kjemi, biologi, medisin, psykologi, statsvitskap, sosialantropologi, historie og økonomi.
FFI sitt hovudkontor ligg på Kjeller ved Lillestrøm, omtrent 25 km utanfor Oslo. Instituttet har også ei forskingseining på Karljohansvern i Horten.
FFI har røter i Forsvarets Overkommandos Tekniske Utvalg (FOTU) i London, som i 1944 føreslo at det skulle etablerast eit eige militært forskingsinstitutt underlagt Forsvarsdepartementet.