François Bocion | |
![]() | |
Statsborgarskap | Sveits |
Fødd | 30. mars 1828 Lausanne |
Død |
12. desember 1890 (62 år) |
Yrke | kunstmålar, universitetslærar |
François Bocion på Commons |
François-Louis David Bocion (30. mars 1828–13. desember 1890) var ein sveitsisk målar som vert rekna til stilretninga impresjonismen. Han vart internasjonalt kjent som «målaren av Genfersjøen».
Bocion kom frå ein rik familie i Lausanne. Tidleg vart han undervist i teikning av målaren Christian Steinlen ved École de Moyenne i Vevey, deretter gjekk han i lære hos den franske landskapsmålaren François Bonnet i Lausanne. År 1845 reiste han til Paris, der han fram til 1847 arbeidde i atelieret til Louis-Aimé Grosclaude og Charles Gleyre.
I fyrstninga måla Bocion hovudsakleg historiemåleri. Snart bytta han til marinemåleri, etter å ha vorte påverka av Camille Corot sine landskapsbilete. Han begynte då å måle scener frå områda kring Genfersjøen, og som han vert særleg hugsa for i dag.
Rundt 1849 tok han arbeid som formingslærar ved École de Moyenne i Lausanne. Mellom elevane hans var Théophile Steinlen og Eugène Grasset, begge bysbarn av Lausanne. Bocion oppmuntra dei til å utvide kunnskapen sin gjennom å studere og arbeide i det spirande kunstmiljøet i Paris. I over 40 år arbeidde Bocion på industriskulen i heimbyen.
Bocion døydde i heimbyen Lausanne i 1890.