Freddie Garrity | |||
![]() Garrity i 1965 | |||
Fødd | 14. november 1936 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Crumpsall i Manchester i England | ||
Død | 19. mai 2006 (69 år) | ||
Dødsstad | Bangor i Wales | ||
Aktiv | 1963–2006 | ||
Sjanger | rock | ||
Instrument | vokal | ||
Tilknytte artistar | Red Sox, The John Norman Four, Kingfishers, Freddie and the Dreamers | ||
Verka som | Musikar |
Frederick Garrity (14. november 1936–19. mai 2006)[1] var ein enelsk songar og skodesspelar som var frontmann og komisk element i 60-talsbandet Freddie and The Dreamers.
Garrity var fødd i Crumpsall i Manchester, som den eldste sonen til Frederick Garrity og Elsie Clynes. Garrity arbeidde som mjølkemann medan han spelte i lokale skifflegrupper som The Red Sox, The John Norman Four og til slutt The Kingfishers, som vart til Freddie and the Dreamers i 1959.[2]
I den første tida med bandet vart det sagt at Garrity var fødd 14. november 1940 for at han skulle verke yngre og dermed appellere til ungdomen, som kjøpte dei fleste platene i Storbritannia på denne tida..[3][4]
Varemerket til Garrity var den komiske dansinga hans (kalla «The Freddie») og den livlege hoppinga under konsertane deira. Dette kombinert med at han var særs liten og tynn og hadde tjukke briller, gjorde at han vart ein eksentrisk person i det britiske popmiljøet tidleg i 1960-åra.
Freddie and the Dreamers vart oppløyst seint i 1960-åra, og mellom 1971 og 1973 var Garrity og den tidlegare bandkollegaen Peter Birrell med i barne-TV-showet Little Big Time. Garrity dukka òg opp i situasjonskomedien Dear John i 1987[5] og i den amerikanske versjonen av serien i 1989.[6] I 1993 vart han med i ein episode av Med hjartet på rette staden som ein DJ som spelte ein Freddie and the Dreamers-song, «I'm Telling You Now».[7]
Garrity skipa ein ny utgåve av Freddie and the Dreamers og turnerte med dette bandet i nesten tjue år, men spelte ikkje inn musikk i studio. Han fortsette å spele fram til 2001, då han fekk diagnosen emfysem etter å ha kollapsa på ein flytur. Han måtte då trekkje seg attende frå musikken.[3][8]
Garrity fekk stadig dårlegare helse og døydde i Bangor i Wales, 60 år gammal.[3][8]