From a Jack to a King Singel av Ned Miller frå albumet From a Jack to a King | ||
B-side |
«Parade of Broken Hearts» | |
---|---|---|
Utgjeve | 1957 | |
Innspelt | 1957 | |
Sjanger | Country | |
Lengd | 2:10 | |
Selskap | Fabor | |
Låtskrivar(ar) | Ned Miller | |
Produsent | Fabor Robison | |
Ned Miller-kronologi | ||
«Dark Moon»
(1961) |
From a Jack to a King | «One Among the Many»
(1963)
|
From a Jack to a King er ein countrysong skriven og spelt inn av Ned Miller. Songen vart sidan spelt inn av mange andre countryartistar.
Den originale versjonen til Ned Miller vart først gjeven ut i 1957, men gjorde det då dårleg. Han overtydde plateselskapet sitt om å gje ut songen på ny fem år seinare.[1] Den nye utgåva vart ein hit og nådde andreplassen på country-lista til Billboard i USA og sjetteplassen på poplista, i tillegg til ein tredjeplass på easy listening-lista.[2] I tillegg nådde versjonen til Miller toppen av Irish Singles Chart, og andreplassen på UK Singles Chart. Songen vart den sjette mest spelte singelen i Storbritannia i 1963.[3]
Liste (1962) | Plassering |
---|---|
U.S. Billboard Hot Country Singles | 2 |
U.S. Billboard Hot 100 | 6 |
U.S. Billboard Hot Adult Contemporary Singles | 3 |
UK Singles Chart | 2 |
Irish Singles Chart | 1 |
From a Jack to a King Singel av Ricky Van Shelton frå albumet Loving Proof | ||
B-side |
«The Picture» | |
---|---|---|
Utgjeve | 24. desember 1988[4] | |
Innspelt | 19. januar 1988[4] | |
Sjanger | Country | |
Lengd | 2:21 | |
Selskap | Columbia Nashville | |
Låtskrivar(ar) | Ned Miller | |
Produsent | Steve Buckingham | |
Ricky Van Shelton-kronologi | ||
«I'll Leave This World Loving You»
(1988) |
From a Jack to a King | «Hole in My Pocket»
(1989)
|
I desember 1988 gav countryartisten Ricky Van Shelton ut sin eigen versjon av «From a Jack to a King». Versjonen til Shelton vart den femte songen hans på rad som gjekk inn på Billboard Hot Country Singles-lista.[5]
Liste (1988–1989) | Plassering |
---|---|
US Country Songs (Billboard)[6] | 1 |
Liste (1989) | Position |
---|---|
Canada Country Tracks (RPM)[7] | 52 |
US Country Songs (Billboard)[8] | 58 |
Ein tysk versjon kalla «Wenn die Sonne versinkt» vart skriven av Lilibert og framført av Will Brandes i 1963.
Ein dansk versjon kalla «Jeg har uheld i spil» vart skriven av Sejr Volmer-Sørensen og framført av Bjørn Tidmand i 1970.
Føregangar «Summer Holiday» Cliff Richard & The Shadows |
Toppen av VG-lista Ned Miller 4 veker, veke 18–veke 21, 1963 |
Etterfylgjar «Lucky Lips» Cliff Richard & The Shadows |