Gargrave | |||
landsby | |||
St Andrew's kyrkje i Gargrave
| |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Folketal | 1 738 (2021)[1] | ||
![]() Gargrave 53°59′02″N 2°06′18″W / 53.984°N 2.105°W | |||
Wikimedia Commons: Gargrave |
Gargrave er ein stor landsby og eit sivilt sokn (civil parish) i Craven i North Yorkshire i England. Staden har 1 764 innbyggjarar (2001).[2]
Litt sør for byen ligg ruinane av ein romersk villa som no er kjend som Kirk Sink. Villaen var dekorert med mosaikk med tessellering, og kan ha tilhøyrd ein britisk-romersk familie.[3]
Herskapshuset Gargrave House frå 1917 blei teikna av den kjende skotske arkitekten James Dunn.
Byen ligg ved elva Aire og Leeds og Liverpoolkanalen, ei ferdselsåre som tidlegare var viktig for transport og i dag mest blir brukt til turisme.
Den travle hovudvegden A65, som går frå Leeds til Kendal i Lake District, går gjennom landsbyen. Gargrave jernbanestasjon gjev samband med Leeds i aust og Morecambe og Carlisle i vest. Gargrave har også bussamband til Skipton, Settle, Malham, Barnoldswick og Preston.