Geir Inge Sivertsen | |||
| |||
Fødd | 29. august 1965 (59 år) | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Høgre | ||
Yrke | politikar, sivilingeniør, forretningsdrivande | ||
Utdanna ved | Narvik ingeniørhøgskole Noregs tekniske høgskole Befalsskolen for Infanteriet i Nord-Norge Finnfjordbotn vidaregåande skole | ||
Verv | Noregs fiskeriminister 24. januar 2020 – 2. mars 2020 | ||
Føregangar | Harald T. Nesvik | ||
Verv | Statssekretær i Nærings- og fiskeridepartementet 4. november 2019 – 24. januar 2020 | ||
Verv | Ordførar i Lenvik 2011–2019 | ||
Føregangar | Martin Ness | ||
Alle verv |
|
Geir Inge Sivertsen (fødd 29. august 1965)[1] er ein norsk politikar (H) og forretningsmann. Han var fiskeriminister i regjeringa Solberg frå 24. januar til 2. mars 2020.[2]
Frå 2011 til 2019 var han ordførar i Lenvik kommune, der han hadde sete i kommunestyret sidan 1999. Frå 2020 er han varaordførar i den samanslåtte Senja kommune. I november 2019 var Sivertsen statssekretær for tidlegare næringsminister Torbjørn Røe Isaksen i Nærings- og fiskeridepartementet.[1]
Før han blei ordførar, var Sivertsen administrerande direktør i Nor-Team Entreprenørforretning på Finnsnes. Han er utdanna bygningsingeniør frå Narvik ingeniørhøgskole frå 1989 og sivilingeniør i bygningsteknikk frå NTH frå 1992. Han har også gått befalskurset ved Befalsskolen for Infanteriet i Nord-Norge.[1]