Geir Pollestad | |||
| |||
Fødd | 13. august 1978 (46 år) Nærbø | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Senterpartiet | ||
Yrke | politikar, jurist | ||
Utdanna ved | Juridisk fakultet ved UiB Det juridiske fakultetet ved Universitetet i Bergen | ||
Alle verv |
|
Geir Pollestad (fødd 13. august 1978 på Nærbø) er ein norsk jurist og politikar for Senterpartiet. Sidan 4. august 2023 har han vore landbruksminister i Regjeringa Støre.[1]
Geir Pollestad er utdanna jurist ved Universitetet i Bergen og har tidlegare studert økonomi og administrasjon ved Høgskolen i Stavanger. Han har vore aktiv i Senterungdommens landsforbund og sat frå 2001 til 2003 som politisk nestleiar. Frå 2003 til 2005 var han visepresident i Nordiska Centerungdommens Förbund som representant for Senterungdommen.
Ved Stortingsvalet i 2005 var Pollestad tredjekandidat for Hordaland Senterparti.
Han var frå september 2007 politisk rådgjevar for Åslaug Haga i Olje- og energidepartementet. Han kom frå stilling som politisk rådgjevar i Kommunal- og regionaldepartementet, der han hadde arbeidd frå januar 2007.