Gene Barge | |||
Fødd | 9. august 1926 (98 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Norfolk i Virginia | ||
Opphav | USA | ||
Instrument | saksofon | ||
Verka som | musikar, saksofonist, musikkprodusent, komponist |
Gene Barge (fødd 9. august 1926) er ein USA-amerikansk tenor- og altsaksofonist og komponist i fleire band.[1]
I 1960-åra var han med å starte The Church Street Five og arbeidde mykje med Chess Records. Barge har turnert og spelt med kjende artistar som Fats Domino, Bo Diddley, Big Joe Turner, LaVern Baker, Ray Charles, Chuck Willis, The Rolling Stones og Natalie Cole.
Barge var òg skodespelar og har hatt roller i store filmar med Gene Hackman, Chuck Norris, Harrison Ford og Steven Seagal. Han har òg turnert i nyare år under pseudonymet «Daddy G».[2]