George Chinnery | |
Sjølvportrett, ca. 1840 | |
Statsborgarskap | Kongeriket Storbritannia, Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland |
Fødd | 5. januar 1774 Gough Square |
Død |
30. mai 1852 (78 år) |
Yrke | kunstmålar |
Sjanger | portrett |
George Chinnery på Commons |
George Chinnery (5. januar 1774–30. mai 1852) var ein engelsk målar som hovudsakleg levde og verka i Asia, særleg i India og sørlege Kina.
Chinnery var fødd i London. Han budde ei tid i Irland, der han hadde noko suksess som kunstnar. I 1799 gifta han seg med Marianne Vigne i Dublin. I 1801 reiste han frå kona og to barn tilbake til London. Derfrå reiste han til Madras (Chennai) med skipet «Gilwell» i 1802. Chinnery etablerte seg i Madras og Calcutta (Kolkata) som den leiande britiske kunstnaren i India. Aukande gjeld gjorde at han i 1852 flytta vidare til sørlege Kina.
Frå 1825 til han døydde i 1852 budde Chinnery i Macao,[1] men fram til 1832 vitja han også jamleg Canton (Guangzhou). Han måla portrett av kinesiske og vestlege kjøpmenn og kapteinar med familiar, lokalt folkeliv og landskap. I 1846 vitja Chinnery Hong Kong i eit halvt år. Her leid han av dårleg helse, men klarte å laga detaljerte studiar frå den nye britiske kolonien. Han døydde i Macao i 1852 og er gravlagd i den gamle protestantiske gravlunden der.[1]
Chinnery er særleg kjend for si portettering av den indiske familien til James Achilles Kirkpatrick, den britiske sendemannen til nizamen av Hyderabad som hadde gjort stor skandale ved å gifta seg med Khair-un-Nissa, grandniesa til nizamen sin øvsteminister. Måleriet hans The Kirkpatrick Children viser dei med ein «sympati som er uvanleg i portrett frå denne perioden; guten ser strakt mot tilskodaren i ei sjølvmedvita stilling, med handa på hofta, medan jenta ser ukomfortabelt i bakken».[2]
I tillegg til sin kunstnariske verdi er måleria til Chinnery viktige historiske vitnesbyrd. Han var den einaste vestlege kunstnaren til stades i Sør-Kina i første delen av 1800-talet, og skildra det samtidige landskapet og livet til vanlege folk i Perleelvdeltaet. Han avbilda også personar som dei skotske opiumshandlarane William Jardine[3] og James Matheson og dagbokskrivaren Harriet Low.[4]
Stilen hans påverka den kantonesiske kunstnaren Lam Qua, som også blei ein populær portrettmålar blant vestlege klientar i Kina.