Gerhard Sperling

Gerhard Sperling
Statsborgarskap Tyskland, Den tyske demokratiske republikken
Fødd 25. november 1937 (87 år)
Berlin
Idrett friidrett
Tok del i Sommar-OL 1968, Sommar-OL 1972, Sommar-OL 1964

Gerhard Sperling (fødd 25. november 1937) er ein tysk tidlegare kappgjengar frå Berlin som representerte Aust-Tyskland. Den dauve utøvaren vann i 1971 EM-sølv på 20 kilometer.

Sperling spesialiserte seg på 20 km kappgang og var ein verdas beste i eit tiår fram til Sommar-OL 1972. Etter to fjerdeplassar på distansen i EM 1966 og 1969, femteplass i Sommar-OL 1968, lukkast han endeleg å vinne ein medalje ved europameisterskapen 1971 i Helsinki. I den finske hovudstaden gjekk han inn til sølvmedalje på tida 1.27.29, slått med knappe ni sekundar av Nikolaj Smaga frå Sovjetunionen. Året etter vart Sperling fjerdemann under sommarleikane i München, han siste store tevling.

Sperling vart austtysk meister på 20 km i 1966, 1968, 1969 og 1971.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap

[endre | endre wikiteksten]