Giddha eller gidda (panjabi گدها, ਗਿੱਧਾ, giddhā) er ein panjabisk folkedans for kvinner som er utbreidd blant panjabiarar i India og Pakistan.
Giddha blir tradisjonelt dansa i ein ring av kvinner som syng og klappar. To kvinner går inn i miten av ringen og bruker mimande arm- og handrørsler til å uttrykka det songen handlar om. Dei dansar vanlegvis til eit vers før dei går ut i ringen igjen og eit anna par tek over.[1]
Dansen blir hovudsakleg framført ved festlege eller sosiale høve,[2] særleg i samband med såtid og innhausting.[3]