Ginger Gilmour | |
Statsborgarskap | USA |
Fødd | 19. januar 1949 (76 år) Philadelphia |
Yrke | bilethoggar, modell |
Ektefelle | David Gilmour |
Ginger Gilmour (fødd 19. januar 1949 som Virginia Hasenbein) er ein amerikansk kunstnar, forfattar[1] og tidlegare modell[2] busett i England. Frå 1975 til 1990 var ho gift med David Gilmour, gitaristen i Pink Floyd.
Gilmour blei fødd i Philadelphia i Pennsylvania. Ho gjekk ut frå Wayne High School i Wayne i Michigan med laud.[3] Deretter byrja ho eit toårig studium i kjemiteknikk og kunst ved Michigan State University.[3]
Ginger Gilmour møtte David Gilmour i oktober 1971 etter ein Pink Floyd-konsert i Ann Arbor i Michigan, der ho blei med den dåverande kjærasten sin bak scena.[4] Ho har omtalt møtet deira som kjærleik ved første blikk,[4] og dei gifta seg 7. juli 1975[1][4] med bryllauspfeiring i Abbey Road Studios. Ginger Gilmour er avbilda på innsida av albumet til David Gilmour sitt første soloalbum, David Gilmour frå 1978.
Paret fekk fire barn:[4] Alice (f. 1976), Clare (f. 1979), Sara (f. 1981, ein motestylist[5]) og Matthew (f. 1985). Barna var steinerskuleelevar.[6] Dei blei separerte under Pink Floyd sin verdsturne A Momentary Lapse of Reason Tour i 1987–89, og blei seinare skilde. Ginger Gilmour gav ut ei bok om livet sitt med han, Memoirs of the Bright Side of The Moon, i 2015.
Gilmour studert med den engelske kunstnaren Cecil Collins i åtte år.[1] Ho arbeider no frå heimen sin, eit gardshus frå 1400-talet[4] nær Yapton vest i Sussex,[7] der ho har innreia fleire atelier.[4] Eit tilbakevendande tema i verket hennar er englar.[4] Gilmour underviser også i kunst[4] og ein type esoterisk healing kalla Mental Colour Healing. Ho har stilt ut ved ulike galleri og andre stader,[8] including[8] som Mall Galleries i London, Arundel Castle og den tyske ambassaden i London. Gilmour har samarbeidd med Dana Lynne Anderson og Annie Harrison frå California under merkelappen Renowned Artist.[9] Ho har laga skulpturar for utstillingshagar ved Hampton Court Flower Show og BBC Gardeners' World,[8][10] og har illustrert bøker av Phil Murray.[8] Den 3,3 meter høge (11 fot) skulpturen hennar inspirert av OL har vore installert ved Terminal 5 ved Heathrow lufthamn.[11]
Gilmour er medlem av Society of Women Artists.[4] I juni 2007 fekk ho British Red Cross Award for Services to Humanity.[8][12]