Girringun nasjonalpark

Wallaman-fossen i Girringun nasjonalpark.

Girringun nasjonalpark (engelsk Girringun National Park, tidlegare Lumholtz nasjonalpark, engelsk Lumholtz National Park) er ein nasjonalpark i Queensland i Australia. Han ligg om lag 50 km sør-vest for Ingham, 110 km nord for Townsville og 1290 km nord-vest for Brisbane.

Då nasjonalparken vart oppretta i 1994 fekk han namnet Lumholtz, eit namn han hadde fram til 2003. Området rundt Blencoe-fossane blei del av Lumholtz nasjonalpark i 2000. Tre år seinare fekk parken aboriginarnamnet Girringun.

Girringun nasjonalpark har eit flatemål 1538 km² og består i hovudsak av skogar med hardlauvtre, med små lommer av regnskog langs austskråningane og på åstoppane. Tre fjellkjeder dominerer landskapet, som er overstrødd av granittrestar etter eit vulkanutbrot som fann stad for ei 100 000 år sidan. Girringun er mest kjend for den 268 meter høge Wallaman-fossen, den høgaste fossen i fritt fall i Australia.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Girringun nasjonalpark