Glass Spider Video av David Bowie | ||
Utgjeve | 1988 | |
Innspelt | November 1987[1] | |
Spelestad | Sydney Entertainment Centre | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 1:40:00 | |
Selskap | EMI | |
Produsent | Anthony Eaton | |
David Bowie-kronologi | ||
---|---|---|
Ziggy Stardust and the Spiders from Mars: The Motion Picture (1984) |
Glass Spider | Bowie – The Video Collection (1993)
|
Glass Spider er ein konsertfilm av den engelske songaren David Bowie. Åtte konsertar vart filma dei to første vekene av november 1987 i Sydney Entertainment Centre i Australia den siste månaden av Glass Spider-turneen. Den 86 konsertar lange turneen vitja òg Europa, Nord-Amerika og New Zealand, og marknadsførte albumet Never Let Me Down (1987). Filmen kom opphavleg ut i 1988 på VHS, og vart koreografert av Toni Basil, regissert av David Mallet og produsert av Anthony Eaton. VHS-en vart gjeve ut på MPI Home Video i USA og Video Collection International i Storbritannia.
Filmen syner Bowie og bandet hans, som inkluderte Peter Frampton, og ein dansetrupp på ein scene med det som på den tida vart kalla «det største turnésettet nokon gong».[2] Sjølv om turneen fekk blanda og negativ kritikk på den tida, har kritikarar skrive at turneen endra korleis artistar (som Britney Spears, Madonna og U2) framførte sine eigne turnear.[3] I 2010 kalla ein kritikar Glass Spider-turneen ein av dei «best designa konsertturenane gjennom tidene»,[4] og i 2016 kalla ein annan kritikar videoen for ein av dei beste for fansen som ønskte å sjå Bowie «eit spektakulært rocketeater.»[5]
Ein del av filmen vart sendt på American Broadcasting Company i juni 1988. Heile konsertvideoen vart gjeven ut på DVD i 1999 og igjen i 2007 med ei spesialutgåve, som nådde niandeplassen på UK Video Charts.
Glass Spider-turneen var ein verdsturné som gjekk frå mai 1987 for å marknadsføre albumet Never Let Me Down (1987).[6] Turneen hadde store publikumstal[6] og tente godt,[7] men fekk dårleg omtale i musikkpressa på den tida.[6] Det var den første turneen hans sidan Serious Moonlight-turneen i 1983 og Bowie såg det som ein sjanse til å gå attende til teatralske konsertar, slik han hadde gjort i 1974 under Diamond Dogs-turneen.[8] Som følgje av dette omfatta turneen dansarar, musikk og multimediaelement som projeksjonar og rekvisittar.[9] Sjølve kulissane var designa som ein enorm edderkopp som stod 18 meter over scenen og vart skildra som «dei største turnékulissane nokon gong» på den tida.[2][10] Dansinga vart koreografert av Toni Basil, og Peter Frampton spelte gitar.[11] Charlie Sexton var gjesteartist på vokal og gitar på videoen.[12]
Før turneen sa Bowie at han ikkje hadde planar om å gje ut eit konsertalbum frå turneen,[13] men trass i dette, spelte regissøren David Mallet inn åtte konsertar på nesten to veker i Sydney i Australia heilt mot slutten av turneen. I notata for videoen står det at filmen hovudskleg kjem frå 7. og 9. november 1987, med somme klipp frå andre kveldar,[1] sjølv om Bowie-biografen Nicholas Pegg hevdar at dei fleste filmklippa er frå konserten 6. november.[5] Eit typisk show varte over to timar med kring 26 songar,[11] men videoen har ei lengd på under to timar og inneheld bere kring 20 songar. Ei spesialutgåve i 2007 inkluderer ein CD med heile konserten framført i Montreal i Canada den 30. august 1987, men filmen er den same.[5] Turneen og konsertfilmen er kalla opp etter songen «Glass Spider» frå albumet.[14]
Filmen kom ut på VHS i 1988 på MPI Home Video i USA[15] og Video Collection International i Storbritannia.[16] I somme regionar vart han gjeve ut på to videokassettar med ti songar kvar, før ei samling frå 1990 kombinerte dei to til ein enkel video.[5] VHS-utgåva varer kring 110 minutt.[17] I 1999 vart det gjeve ut ein «halvoffisiell» DVD av konserten i Asia.[5]
Ei forkorta utgåve på ein time vart sendt på amerikansk fjernsyn tidleg i juni 1988 på American Broadcasting Company-tilknytte stasjonar.[11][18]
Videoen kom ut på DVD i 2007. Den vanlege DVD-utgåva inneheldt den same konserten som VHS-utgåva, medan spesialutgåva kom med eit dobbelt konsertalbum frå den same turneen, spelt inn på Montreal Olympic Stadium den 30. august 1987. 2007-utgåva var opphavleg planlagt å inkludere eit konsertopptak av songen «Glass Spider» frå Wien den 1. juli 1987.[17]
DVD-en inkluderer stereo, Dolby Digital 5.1 og DTS 5.1-lyd og presenterer videoen i det originale 1.33:1-formatet.[19][20] Ein fil i lydmiksen på denne DVD-en gjer at mykje av gitaren til Peter Frampton berre så vidt er mogeleg å høyre. Pegg meinte at på grunn av dette, og sjølv om biletkvaliteten er langt betre, er den originale VHS-utgåva eller DVD-utgåva frå 1999 å føretrekke på grunn av betre lyd.[5]
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMovie | [21] |
AllMusic | [20] |
People | B+[22] |
PopMatters (2007 re-release) | [23] |
Record Collector | Oppgje ein rating.[24] |
Den originale heimevideoen frå 1988 fekk positive meldingar frå publikasjonar som Variety, Houston Post og Toronto Star.[25] Chicago Tribune sa at videoen «syner all spaninga, opptoget og musikken» frå ein av dei «mest visuelt oppslukande» konsertane frå 1987.[26] AllMusic kalla utgjevinga «glimrande» og meinte at dei «slåande» konsertutgåvene ofte er like bra som studioinnspelingane.[20] Somme kritikarar var meir lunkne, som The Boston Globe, som meinte at «det er rett og slett for mykje å fordøye.»[25] Los Angeles Times var mest negativ til den 1-timar lange konseren på ABC, og kalla han «overraskande tam» og scenen for «dum.»[27]
Pegg sa at konsertfilen var «særs fornøyeleg» trass i manglane i showet, og med mindre det kom videoar frå Diamond Dogs-turneen frå 1974 eller Sound+Vision-turneen frå 1990, så «leiar denne feltet for dei som ynskjer å sjå David Bowie lever eit spektakulært rocketeater.»[5]
Alle songane skrivne av David Bowie, utanom der andre er nemnde.[15][28][29][30][31] Sjølv om dei ikkje er nemnde i omslaget, inneheld den originale VHS-utgåva den same «Intro/Up the Hill Backwards» og bandintroduksjonen som DVD-utgåva.
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Glass Spider» | ||
2. | «Day-In Day-Out» | ||
3. | «Bang Bang» | Iggy Pop, Ivan Kral | |
4. | «Absolute Beginners» | ||
5. | «Loving the Alien» | ||
6. | «China Girl» | Bowie, Pop | |
7. | «Rebel Rebel» | ||
8. | «Fashion» | ||
9. | «Never Let Me Down» | Bowie, Carlos Alomar | |
10. | ««"Heroes"»» | Bowie, Brian Eno | |
11. | «Sons of the Silent Age» | ||
12. | «Young Americans/Band Introduction» | ||
13. | «The Jean Genie» | ||
14. | «Let's Dance» | ||
15. | «Time» | ||
16. | «Fame» | Bowie, John Lennon, Alomar | |
17. | «Blue Jean» | ||
18. | «I Wanna Be Your Dog» | Dave Alexander, Ron Asheton, Scott Asheton, Pop | |
19. | «White Light/White Heat» | Lou Reed | |
20. | «Modern Love» |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Intro/Up the Hill Backwards» | |
2. | «Glass Spider» | |
3. | «Day-In Day-Out» | |
4. | «Bang Bang» | |
5. | «Absolute Beginners» | |
6. | «Loving the Alien» | |
7. | «China Girl» | |
8. | «Rebel Rebel» | |
9. | «Fashion» | |
10. | «Never Let Me Down» | |
11. | ««Heroes»» | |
12. | «Sons of the Silent Age» | |
13. | «Band Introduction» | |
14. | «Young Americans» | |
15. | «The Jean Genie» | |
16. | «Let's Dance» | |
17. | «Time» | |
18. | «Fame» | |
19. | «Blue Jean» | |
20. | «I Wanna Be Your Dog» | |
21. | «White Light/White Heat» | |
22. | «Modern Love» |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Up the Hill Backwards» | 3:51 |
2. | «Glass Spider» | 5:55 |
3. | «Day-In Day-Out» | 4:34 |
4. | «Bang Bang» | 4:02 |
5. | «Absolute Beginners» | 7:08 |
6. | «Loving the Alien» | 7:14 |
7. | «China Girl» | 4:55 |
8. | «Rebel Rebel» | 3:30 |
9. | «Fashion» | 5:04 |
10. | «Scary Monsters (And Super Creeps)» | 4:52 |
11. | «All the Madmen» | 6:39 |
12. | «Never Let Me Down» | 3:56 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Big Brother» | 4:47 |
2. | «'87 And Cry» | 4:07 |
3. | ««Heroes»» | 5:10 |
4. | «Sons of the Silent Age» | 3:10 |
5. | «Time Will Crawl/Band Introduction» | 5:23 |
6. | «Young Americans» | 5:06 |
7. | «Beat of Your Drum» | 4:37 |
8. | «The Jean Genie» | 5:23 |
9. | «Let's Dance» | 5:01 |
10. | «Fame» | 7:05 |
11. | «Time» | 5:11 |
12. | «Blue Jean» | 3:26 |
13. | «Modern Love» | 4:53 |
Henta frå omslaget til Glass Spider.[32]
Musikarar
2007-utgåva nådde niandeplassen på UK Video Charts.[5]