Glimmingehus | |||
![]() | |||
Stad | Simrishamns kommun | ||
---|---|---|---|
Arkitekt | Adam van Düren | ||
![]() Glimmingehus 55°30′03″N 14°13′51″E / 55.500833333333°N 14.230833333333°E |
Glimmingehus er ei borg frå mellomalderen utanfor Simrishamn (tidlegare dansk Simmershavn) i søraustlege Skåne. Ho er den best bevarte mellomalderborga frå det tidlegare austlege Danmark. Borga tilhøyrde lenge slekta Rosencrantz, men har sidan 1924 hatt Riksantikvarieämbetet som eigar.[1]
Det eldste Glimmingehus blei truleg oppført mellom 1250 og 1360. Det noverande bygget blei reist av Jens Holgersen Ulfstand medan han var statthaldar på Gotland. Den presise datoen for byrjinga på bygginga er ukjend. Det står på ei tavle i Valby kyrkje i Skåne:
I knapt 50 år blei borga brukt som bustad for familien Holgersen Ulfstand. Frå denne tida er det funne teikn på ei eksklusivt hushaldning med nokre av dei dyraste varene ein kunne kjøpa i Europa: Glas frå Venezia, motivpressa steingods frå Rhinområdet, spansk keramikk[2] og rustningdetaljer frå tida til Maximilian I. Luksusen forsvann etter at Jens Holgersen Ulfstand døydde, og sidan blei borga brukt som kornmagasin i rundt 400 år.[3]
Under den skånske krigen befalte Karl XI at borga skulle rivast. Ein arbeidsstyrke på tjue menn skulle til å gå i gang med rivinga, men før dei hadde rokke å bora sprengstoff inn i dei 2,5 meter tjukke murane kom til ein dansk flåte til hamna i Ystad, og mennene gav opp rivinga.[4]
Det er ikkje heilt sikkert om arkitekten til Glimmingehus er Adam van Düren, men han er i alle fall ansvarleg for mykje av utsmykkinga ved borga i form av relieff og steintavler. Murane er opptil 2,5 meter tjukke, vindauga er små og borga er omgitt av ei vollgrav. Bygningen har både skytehol i dørene og fallgitter, så han har vore vanskeleg å innta. Kjellaren har fungert som forrådskammer. Her finst også ein djup brønn som ville gjera det mogleg å klara seg under ei eventuell omleiring. Borga har eit slags sentralvarmesystem med ein eldstad der røyken blir leidd ut via kanalar i murane, som dermed varmar opp bygningen. Anlegget er oppført i eit fruktbart landsbruksområde, og formålet har vore å kontrollera og forsvara opplandet.