Gloria Singel av Them frå albumet The Angry Young Them | ||
A-side | ||
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 2. desember 1964 | |
Innspelt | 5. april 1964 | |
Studio | Decca Three Studios i West Hampstead i Storbritannia | |
Sjanger | ||
Lengd | 2:38 | |
Selskap | Decca | |
Komponist | Van Morrison | |
Tekstforfattar | Van Morrison | |
Låtskrivar(ar) | Van Morrison | |
Produsent | Dick Rowe | |
Them-kronologi | ||
«Baby, Please Don't Go» (1964) |
Gloria | «Here Comes the Night» (1965)
|
«Gloria» er ein song skriven av den nordirske songaren og låtskrivaren Van Morrison og opphavleg spelt inn av bandet til Morrison, Them i 1964 og gjeven ut som B-sida til «Baby, Please Don't Go». Songen vart ein garasjerock-standard og har blitt spelt av mange andre rockeband. Songen er lett å spele med tre akkordar og derfor lett å lære seg på gitar.
Morrison sa at han skreiv «Gloria» medan han framførte songen med The Monarchs i Tyskland sommaren 1963, då han vart 18 år gammal.[4] Han byrja å spele songen på Maritime Hotel då han kom attende til Belfast og byrja å spele med The Gamblers som utvikla seg til Them. Han improviserte teksten medan han song, og stundom strekte songen ut til 15 eller 20 minuttar. Etter å ha fått platekontrakt med Dick Rowe og Decca, drog Them til London for å spele inn musikk i Decca Three Studios i West Hampstead den 5. april 1964. «Gloria» var ein av sju songar dei spelte inn den dagen. Utanom Morrison spelte Billy Harrison gitar, Alan Henderson bass, Ronnie Millings trommer og Patrick John McCauley spelte klaverinstrument. Rowe henta inn studiomusikaren Arthur Greenslade på orgel og Bobby Graham på trommer, sidan han meinte Them ikkje hadde erfaring nok. Det har vore diskutert om mikrofonane var sett opp hos Millings eller McCauley, men Alan Henderson meiner at Them var den første rockegruppa som brukte to trommeslagarar på ei innspeling.[5] Somme kjelder hevdar at Jimmy Page spelte andregitar, medan andre kjelder nektar for dette.[6]
«Gloria» var B-side då «Baby, Please Don't Go» kom ut i Storbritannia 6. november 1964. Han kom ut i 1973 på Deram, men gjekk ikkje inn på lista.
Gloria Singel av Patti Smith Group frå albumet Horses | ||
B-side | ||
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 13. april 1975 | |
Innspelt | 1975 | |
Studio | Electric Lady Studios i New York City | |
Sjanger | Punkrock | |
Lengd | 5:57 | |
Selskap | Arista | |
Komponist | Van Morrison | |
Tekstforfattar | Van Morrison | |
Låtskrivar(ar) | ||
Produsent | John Cale | |
Patti Smith Group-kronologi | ||
«Hey Joe» (1974) |
Gloria | «Pissing in a River» (1976)
|
Ei forklaring på den tidlause populariteten til songen vart gjeven av Bill Janovitz i AllMusic:[16]
Det vakre med originalen er at Van Morrison berre treng å snakkesyngje i sin Howlin' Wolf-stil, «I watch her come up to my house/She knocks upon my door/And then she comes up to my room/I want to say she makes me feel all right/G-L-O-R-I-A!» for å overføre tenåringsbegjæret sitt. Den originale latinske tydinga av namnet er ikkje tapt for Morrison. Them varierer aldri frå dei tre akkordane, og brukar berre dynamiske endringar for å forsterke spaninga.
«Gloria» vart rangert på 69. plassen på lista til Dave Marsh' i boka The Heart of Rock & Soul: The 1001 Greatest Singles Ever Made. Han skildra songen som ein av få rockesongar som faktisk er så openlyst sexy som ryktet skal ha det til.»[17]
I boka si Rock and Roll: The 100 Best Singles skreiv Paul Williams «I hjartet av udyret... her er noko som er så bra, så reint, at om ingenting anna enn denne plata eksisterte, så ville det likevel ha vore noko kalla rock and roll ... Van Morrison si røyst er ei eld i mørkret, fyrlykta i enden av verda. Resultatet er ein av dei mest perfekte anthem som nokon gong er laga.»[18]
Komikaren Dave Barry sa «Du kan kaste ein gitar ned ei fjellside, og medan han hoppar og sprett nedover, så vil han, av seg sjølv, spele Gloria.»[19]
I 1999 vart «Gloria» av Them innlemma i Grammy Hall of Fame Award.[20] I 2000 vart «Gloria» av Them rangert på 81. plassen på lista til VH1 over dei 100 beste rockesongane gjennom tidene.[21] «Gloria» av Them vart rangert på 208. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene i 2003, men vart flytta ned til 211. plassen i 2010.[22]
Them1
Liste (1965)[23] | Plassering |
---|---|
Billboard Hot 100 | 93 |
Liste (1966)[23] | Plassering |
Billboard Hot 100 | 71 |
Shadows of Knight
Liste (1966)[24] | Plassering |
---|---|
Billboard Hot 100 | 10 |
Van Morrison og John Lee Hooker
Lister (1993)[25][26] | Plassering |
---|---|
Irish Singles Chart | 17 |
UK Singles Chart | 31 |
Hot Mainstream Rock Tracks | 36 |
Australia | 22 |
Nederland | 37 |
98: «In My Life» The Beatles |
Plassering på lista til Rolling Stone frå 2021 over dei 500 beste songane gjennom tidene 97 «Gloria» Patti Smith |
96: «99 Problems» Jay-Z |
414: «Dreaming» Blondie |
Plassering på lista til Rolling Stone frå 2021 over dei 500 beste songane gjennom tidene 413 «Gloria» Them |
412: «Buffalo Stance» Neneh Cherry |
212: «In My Room» The Beach Boys |
Plassering på lista til Rolling Stone frå 2010 over dei 500 beste songane gjennom tidene 211 «Gloria» Them |
210: «Bye Bye Love» The Everly Brothers |