Glunimore Island | |||
øy | |||
Land | Storbritannia | ||
---|---|---|---|
Glunimore Island 55°17′14″N 5°33′33″W / 55.287161111111°N 5.5591194444444°W | |||
Wikimedia Commons: Glunimore Island |
Glunimore Island er ei busetnadslaus øy rundt 5 km søraust for Kintyrehalvøya i Skottland. Ho ligg langs Sanda Island og Sheep Island.
Øya er berre 200 meter lang og er 27 meter over havet på det høgaste. Det er ei grotte på nordsida av øya. Eit rev ligg omkring øya i nord og aust. Fleire farlege grunner ligg i sundet mellom Glunimore, Sanda and Sheep Island. Paterson's Rock er ei anna farleg klippe rundt 1,5 km lenger aust.
Glunimore og naboøya Sheep Island er dei viktigaste hekkestadane til lundefugl i Firth of Clyde og fuglane vender no attende frå her til Ailsa Craig, som er ein annan tradisjonelle hekkestad. Lomvi og alke hekkar òg her.