Godfrey Upland | |||
platå | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Graham Land | ||
- koordinatar | 68°44′S 66°23′W / 68.733°S 66.383°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Godfrey Upland 68°44′00″S 66°23′00″W / 68.7333°S 66.3833°W | |||
Godfrey Upland er eit lite platå med ei bølgjande flate og ei middelhøgd på 1500 meter over havet sør i det sentrale Graham Land i Antarktis. Det grensar til Clarke-, Meridian-, Lammers- og Colebreen. Platået vart oppdaga av United States Antarctic Service i 1939–41, Finn Rønne og Carl R. Eklund reiste langs Meridian- and Lammersbreen i januar 1941, og det vart fotografert frå lufta av Ronne Antarctic Research Expedition i 1947 og kartlagt frå bakken av Falkland Islands Dependencies Survey i 1958. Det vart namngjeve av UK Antarctic Place-Names Committee etter Thomas Godfrey, ein amerikansk glasmakar og matematikar som samstundes med John Hadley fann opp kvadranten (forløparen til sekstanten) i 1730.[1]
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Godfrey Upland» (innhald frå Geographic Names Information System).