Godøya | |
---|---|
![]() Godøya | |
Geografi | |
![]() | |
Stad | Sunnmøre |
Koordinatar | 62°28′30″N 05°59′36″E / 62.47500°N 5.99333°E
|
Areal | 10,87 km²
|
Høgaste punkt | Storhornet (497 moh.)
|
Administrasjon | |
Land | ![]() |
Fylke | Møre og Romsdal |
Største busetnad | Leitebakk (994 innb.)
|
Demografi | |
Folketal | 1223 (2024) |
Folketettleik | 113 /km² |
Godøya er den vestlegaste av øyane i Giske kommune. Ho er 10,87 km² stor og har 1223 innbyggjarar (2024). Fiske og fiskeforedling er dei viktigaste næringsvegane, og banklineflåten i Geilevika er av ein dei største i Noreg.
Godøya har vegsamband gjennom tunnel til Giske. Landskapet er berglendt og Storehornet (497 m.o.h.) er det høgaste punktet. I søraust finn ein god dyrkbar mark i kystsona. I fjella finst fiskevatn.
Øya var del av Borgund kommune fram til 1908.
Eilivrøysa i Godøytun sør på Godøya er ein gravhaug frå bronsealderen. I nærleiken ligg òg eit lite museum.
Ytst på Alnes, nordvest på øya, står Alnes fyr som er freda. Også lyngheia rundt er verna.
Folketalsutvikling:
1801[1] | 1900[2] | 2000[3] | 2024[3] |
---|---|---|---|
220 | 396 | 1080 | 1223 |
Sørsida av Godøya fotografert frå Hurtigruta på veg inn til Ålesund.
Foto: MeRyan