Gold Harbour | |||
hamn | |||
Gold Harbour og Bertrabbreen
| |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Stad | Sør-Georgia | ||
- koordinatar | 54°37′S 35°56′W / 54.617°S 35.933°W | ||
![]() Gold Harbour 54°37′00″S 35°56′00″W / 54.6167°S 35.9333°W | |||
Gold Harbour er ei lita bukt 8 km sør-sørvest for Cape Charlotte der Bertrabbreen munnar ut, langs austenden av Sør-Georgia. Tidleg i 1900-åra vart hamna mellom anna kalla «Anna's Bay», «Gold-Hafen» og «Sandwich Bay», som òg er nytta som namn på Iris Bay. Det godkjende namnet ser ut til å ha vore i bruk av sel- og kvalfangarar. [1]
Gold Harbour fekk dette namnet fordi solstrålene gjer klippene gule i sollsyet om morgonen og kvelden.
Området er hekkestad for pingvinar som kongepingvinar og bøylepingvinar. Elefantselar ynglar òg her, særleg på vestenden av stranda, der det renn ut ein bekk med smeltevatn frå breane. Sotalbatrossar hekkar òg her.
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Gold Harbor» (innhald frå Geographic Names Information System).