Gordon McPherson

Gordon McPherson
Fødd1965 (59 år)
OpphavStorbritannia
Verka somkomponist

Gordon McPherson (fødd i 1965) er ein skotsk komponist fødd i Dundee.

McPherson er studerte ved University of York i England, og kom tilbake dit for å ta doktorgrad.[1] Han fortsette så forskinga si ved Royal Northern College of Music.

McPherson har komponert nesten 100 stykke (2006).[2] Verka hans er blitt framførte og kringkasta over heile verda. Nokre av verka hans er Kamperduin, eit verk tinga av Royal Scottish National Orchestra i høve tohundreårsjubileet til slaget ved Camperdown i 1797; Friends in Strange Places, eit kammerverk spelt inn til innviinga av Dundee Contemporary Arts; eit gitarstudium, Miami, som blei urframført ved Wigmore Hall i 1998 og Detours, som blei tinga av Hebrides Ensemble.

Baby Bear's Bed skrive for ensemblet Icebreaker blei urframført i Wien i oktober 1999, og er seinare blitt framført i Belgia, Nederland, Slovakia og Storbritannia. Det blei spelt inn av Icebreaker til albumet Extraction.[3]

Andre verk av han er South, skrive for National Youth Orchestra of Scotland, ein sjuande sats til verket hans Handguns, ein suite for ensemblet Psappha, ein strykekvartett til Salisbury Festival og eit nytt studium til Bath International Guitar Festival.

McPherson har vore etterspurd både som lærar og føredragshaldar, og har vore leiar for komposisjon ved Royal Conservatoire of Scotland.[4]

  1. «Industry Directory - Gordon McPherson». Scottish Music Centre. Arkivert frå originalen 31. desember 2013. Henta 29. desember 2013. 
  2. Tumelty, Michael (1 March 2006). «He's telling it like it is After 20 years, Gordon McPherson remains renowned for bluntness. But now he's singing his own praises to publicise his latest composition». The Herald (Glasgow). Henta 29. desember 2013. 
  3. Litweiler, John. «Jazz reviews: Icebreaker - Extraction». Arkivert frå originalen 26. september 2015. Henta 29. desember 2013. 
  4. «Staff And Visiting Fellows». Royal Conservatoire of Scotland. Arkivert frå originalen 30. desember 2013. Henta 29. desember 2013.