Grace Bullen | |
Statsborgarskap | Noreg, Sør-Sudan |
Fødd | 7. februar 1997 (27 år) Ghinda |
Idrett | bryting |
Tok del i | Matteo Pellicone Ranking Series 2022, 2022 World Wrestling Championships – Women's freestyle 59 kg, 2023 Grand Prix Zagreb Open |
Medaljeoversikt | ||
---|---|---|
Bryting | ||
Tevla for Noreg | ||
Olympiske leikar | ||
Bronse | Paris 2024 | 62 kg |
Verdsmeisterskap | ||
Gull | Beograd | 59 kg |
Bronse | Beograd | 62 kg |
Europameisterskap | ||
Gull | Roma 2020 | 57 kg |
Gull | Novi Sad 2017 | 58 kg |
Sølv | Zagreb 2023 | 62 kg |
Sølv | Riga 2016 | 58 kg |
Europaleikane | ||
Bronse | Baku 2015 | 58 kg |
U23-VM | ||
Gull | Bukuresti 2018 | 59 kg |
Junior-VM | ||
Bronse | Tammerfors 2017 | 59 kg |
Junior-EM | ||
Gull | Dortmund 2017 | 59 kg |
Gull | Bukuresti 2016 | 59 kg |
Gull | Istanbul 2015 | 59 kg |
Ungdoms-VM | ||
Gull | Snina 2014 | 60 kg |
Ungdoms-EM | ||
Gull | Samokov 2014 | 60 kg |
Gull | Bar 2013 | 56 kg |
Bronse | Katowice 2012 | 56 kg |
Nordisk meisterskap | ||
Gull | Kristiansund 2019 | 59 kg |
Gull | Panevezys 2017 | 63 kg |
Gull | Eslöv 2013 | Ungdom 60 kg |
Gull | Aarhus 2012 | Ungdom 56 kg |
Sommar-OL for ungdom | ||
Gull | Nanjing 2014 | 60 kg |
Grace Jacob Bullen (fødd 7. februar 1997) er ein norsk olympisk brytar som representerer Fredrikstad Bryteklubb Atlas. Sidan 1. februar 2022 har ho trent og budd i Georgia.[1]
Bullen har to EM-titlar som senior og er nordisk meister tre gongar, og ho har vunne kongepokalen fem gongar: i 2017, 2019, 2020, 2023 og 2024.
Foreldra til Bullen er frå Sudan, men flykta til Eritrea med to døtrer før Grace blei fødd. Ho er difor fødd i Eritrea. Også der måtte dei flykte vidare, på grunn av uro. Familien hamna fyrst i ein SN-leir, og deretter i Noreg i 2001.[2] Bullen var då fire år gammal.[3]
Foreldra blei kjende med Gheorghe Costin gjennom språkkurs i Noreg, han var og er brytetrenar i Fredrikstad Bryteklubb Atlas, og etter kvart byrja alle dei fire systrene med bryting.[2]
Bullen vann 60-kilosklassen i ungdomsklassen under Junior-NM i bryting 2012.[4] Ho vann også NM i strandbryting 2012, i denne vektklassen.[5] Ho blei tatt ut til å delta i Ungdoms-EM i bryting 2012 i Polen, og fekk der bronse i 56-kilosklassen.[6] Ho vann også 56-kilosklassen i ungdomsklassen (cadet) under Nordisk meisterskap i bryting 2012 i Aarhus.[7]
I mars vann Bullen 59-kilosklassen under NM i bryting 2013, med fire sigrar på fire kampar.[8] Ho vann ungdomsklassen (60 kg) på nytt under Junior-NM i bryting 2013.[9]
Under Nordisk meisterskap i bryting 2013 i Eslöv vann Bullen 60-kilosklassen i ungdomsklassen.[10] Ho deltok også i Ungdoms-EM i bryting 2013, der ho vann 56-kilosklassen etter å ha slege Aleksandra Wolczynska i finalen.[11] Ho kom på femteplass under Ungdoms-VM i bryting 2013, der ho braut i 65-kilosklassen.[12]
Ho vant 60-kilosklassen under Ungdoms-NM i bryting 2014.[13] Ho vann alle kampane sine under Ungdoms-EM i bryting 2014, og vann 60-kilosklassen etter at ho slo franske Koumba Larroque i finalen.[14][15] I juli deltok hp i kadettklassen under Junior-VM i bryting 2014, og vann der 60-kilosklassen.[16]
I Sommer-OL for ungdom 2014 i Nanjing tok Bullen den einaste gullmedaljen til Noreg i klassen fristil 60 kg, etter å ha sigra over heimehåpet Xingru Pei på teknisk overlegenheit etter 71 sekund.[17][18]
Året etter vann Bullen 63-kilosklassen under Junior-NM i bryting 2015.[19] Ho kom på tredjeplass i seniorklassen under Klippan Lady Open, og vann seniorklassen under Nordisk meisterskap i bryting 2015.[20] Under Europaleikane 2015 i Baku tok Bullen den fyrste norske medaljen i klassen fristil 58 kg. Etter fyrst å ha blitt slegen ut på fall i åttedelsfinalen, fekk hun ein ny sjanse i repechage der Bullen tok seg til bronsefinalen og slo heimehåpet Irina Netreba på fall berre 54 sekund ut i kampen.[21]
Bullen vann 59-kilosklassen under Junior-EM i bryting 2015, og kom på tredjeplass i Poland Open (senior). I september deltok ho i VM i bryting 2015, og kom der på 13.-plass i 58-kilosklassen.[20]
Under Junior-NM i bryting 2016 vann Bullen 67-kilosklassen.[22] Ho vann 69-kilosklassen under NM i bryting 2016.[23]
I juni tok Bullen sølv i EM i bryting 2016, etter finaletap mot Natalija Synysjyn.[24] Ho vann 59-kilosklassen under Junior-EM i bryting 2016. Ho vann 58-kilosklassen i Golden Grand Prix i Aserbajdsjan i november.[20]
I februar vann Bullen 63-kilosklassen under NM i bryting 2017.[25] Ho deltok i 63-kilosklassen under Junior-NM i bryting 2017, og vann denne føre Aniat Lachinova og Gunn Rita Boine.[26]
I mai vann Bullen 58-kilosklassen under EM i bryting, og vann med det sitt fyrste EM-gull som senior.[27] Ho slo der Mariana Cherdivara Esanu frå Moldova i finalen.[28] Ho vann 63-kilosklassen under Nordisk meisterskap i bryting 2017, og ho vann også 59-kilosklassen under Junior-EM i bryting 2017 i Dortmund. Etter dette var ho rangert som nummer 4 i verda i sin vektklasse, 58 kg, bak Kaori Icho, Marwa Amri og Ajsuluu Tynybekova.[29]
I august deltok Bullen både i junior-VM og VM i bryting. Junior-VM i bryting 2017 blei arrangert i Tammerfors, og Bullen tapte der semifinalen mot Anastasia Nitsjita, men slo Jing Jiang 9-3 i bronsefinalen, og vann med det bronse i denne meisterskapen.[30] Under VM i bryting 2017 tapte ho opningskampen mot Aminat Oluwafunmilayo Adenyiyi, og enda med det på 16.-plass.[20][31]
Bullen vann Klippan Lady Open i Sverige i februar, men deltok ikkje i NM dette året. Ho deltok i EM i bryting 2018 i mai, og kom der på sjuandeplass. Ho deltok også i VM i bryting 2018 i Budapest, og kom der på femteplass i 57-kilosklassen. I november 2018 vann ho U23-VM i Romania då ho slo kinesaren Rong Ningning i finalen.[32][20]
Bullen vann 62-kilosklassen under NM i bryting 2019.[33] Ho kom på tredjeplass i Ivan Yarygin Grand Prix og andreplass i Dan Kolov - Nikola Petrov Tournament, og ho kom på sjuandeplass under EM i bryting 2019, der ho deltok i 57-kilosklassen. Ho vann Nordisk meisterskap i bryting 2019, som blei arrangert i Braatthallen i Kristiansund. I juni deltok ho i Europaleikan 2019, og kom der på femteplass.[20]
I januar vann Bullen Klippan Lady Open i Sverige, og under NM i bryting 2020 i februar vant ho 62-kilosklassen, og fekk sin tredje Kongepokal.[34] Ho vann EM i bryting 2020, der ho deltok i 57-kilosklassen.[20]
Bullen vann sølv under EM i april i Zagreb, der ho deltok i 62-kilosklassen og tapte finalen mot ukrainske Iryna Koljadenko.[35] Under VM i Beograd i september fikk hun bronsemedalje, igjen i 62-kilosklassen. Resultatet kvalifiserte Bullen til Sommer-OL 2024 i Paris.[36]
Under Sommar-OL 2024 i Paris vann Bullen bronsemedalje i 62-kilosklassen etter å ha slege canadiske Ana Godinez på berre 57 sekund i bronsefinalen.[37][38]
Plassering | Vektklasse | År |
---|---|---|
Gull | 59 kg | 2013 |
Gull | 60 kg | 2015 |
Gull | 62 kg | 2019, 2020, 2022, 2023 |
Gull | 63 kg | 2017 |
Gull | 68 kg | 2024 |
Gull | 69 kg | 2016 |
I 2017 deltok Bullen i 71° nord – Norges tøffeste kjendis, der ho blei nummer tre bak Thea Næss og Ole Martin Årst.[39]
I 2021 var Bullen deltakar i ein ny sesong av gameshowet Fangene på fortet.[40]