Great Island | |||
Land | Irland | ||
---|---|---|---|
Areal | 25,037 km² | ||
Folketal | 13 733 (2011) | ||
Great Island 51°51′57″N 8°16′02″W / 51.865833333333°N 8.2672222222222°W | |||
Wikimedia Commons: Great Island, County Cork |
Great Island (Oileán Mór an Barraigh på irsk) er ei øy i Cork Harbour, like utanfor Cork på Irland, ved munningen av elva Lee. Byen Cóbh ligg på øya, som er forbunde via ein vegfylling til Fota Island i nord, som igjen er forbunde til fastlandet via ei anna vegfylling. Ei jernbanelinje går på begge sider av øya til Cóbh.
Namnet på øya er omsett frå det irske, som tyder «Great island of the Barrys», og viser til ein mektig normannisk familie som slo seg ned i området. Det opphavlege namnet på øya var Oilean Ard na Neimhad, 'den høge (eller viktige) øya til Neimhad'. Neimhad var ein leiar som invaderte Irland i gamal tid.
Øya skal ha over 16 000 innbyggjarar.