Greg Cohen | |||
| |||
Fødd | 13. juli 1953 (71 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Los Angeles | ||
Opphav | USA | ||
Sjanger | Jazz | ||
Instrument | Kontrabass | ||
Plateselskap | Tzadik Records, DIW Records | ||
Verka som | Musikar |
Greg Cohen (fødd 13. juni 1953) er ein amerikansk jazzbassist. Han er mest kjend for arbeidet sitt med John Zorn sin Masadakvartett og i nyare tid for turnèane med Ornette Coleman. Han medverka mellom anna på det kritikarroste Coleman-albumet Sound Grammar. Han har ofte òg spelte tradisjonell jazz og mellom anna arbeidd med Ken Peplowski, Kenny Davern og filmmakaren og klarinettisten Woody Allen. Han har òg arbeida med rockeartistar som Tom Waits, David Byrne og Elvis Costello.
Av andre artistar han har spela bass for finn ein Dagmar Krause, David Sanborn, Susana Baca, Gal Costa, Marisa Monte, Laurie Anderson, Willie Nelson, Bill Frisell, Norah Jones, Dave Douglas, Tricky, Jesse Harris, Keith Richards og Charlie Watts, Joey Baron, Donovan, Crystal Gayle, Bob Dylan, Alan Watts, Lee Konitz, Richie Havens, Dino Saluzzi, Lou Reed, Odetta og Danny Barker.
Greg Cohen er fast medlem av Woody Allen and his New Orleans Jazz Band som spelar kvar måndag på Carlyle Hotel på Manhattan i New York City, der Cohen i dag bur.
Med Kenny Davern og Ken Peplowski
Med Dave Douglas
Med Tom Waits