Grevskapa i Storbritannia (counties) er administrative, seremonielle og geografiske einingar, tilsvarande fylke i Noreg. Storbritannia er delt inn i fire «heimland», «home nations», som er England, Wales, Skottland og Nord-Irland. Desse har sine eigne adminsitrative inndelingar som i større eller mindre grad har erstatta dei historiske grevskapa.
Nord-Irland vart i 1973 inndelt i distrikt, som ofte er mindre enn dei tidlegare grevskapa, og Skottland og Wales har sidan 1996 vore inndelt i kommunar som kan vere større, mindre eller like store som dei historiske grevskapa. Visse av desse vert framleis kalla counties, men det har ingen praktisk tyding. Grevskapa vart erstatta av regionar i Skottland alt i 1975, men hadde ein liknande struktur som dei samtidige grevskapa i England og Wales.
Berre i England er grevskapa enno den hovudsaklege inndelingsforma, men storbyområde (metropolitan counties) har sidan 1974 erstatta grevskapa rundt dei største byane. Etter ei reform i 1990-åra har visse einingskommunar (unitary authorities) vorte innført, som i vsse område erstatta grevskapa som administrativ eining. Liknande einingar fanst tidlegare mellom 1888 og 1974 og vart då kalla county boroughs, som i dag framleis vert nytta som namn på enkelte av kommunane i Wales.
Innanfor England, Nord-Irland, Skottland og Wales har det altså variert gjennom historia kva som har vorte rekna som grevskap. Grevskapa har frå tid til annan utgjort den øvste undernasjonale inndelinga i Storbritannia[1] og har vorte nytta til forskjellige føremål, som til dømes statthaldarar, landregistrering og postvesen.
Grevskap | Før 1899 | 1899-1973 | Noverande distrikt (lieutenancy)[9] |
Postvesen[4] | |
---|---|---|---|---|---|
Grevskap | Administrativt | ||||
Antrim | |||||
Armagh | |||||
City of Belfast | Del av grevskapa Antrim og Down | CB[10] | |||
Down (Downshire) | |||||
Fermanagh | |||||
Londonderry | |||||
City of Londonderry | County of city | CB[10] | |||
Tyrone |
Grevskap | Før 1890 | 1890-1975 | Distrikt (Lieutenancy) | Registrering[11] | Postvesen[4] |
---|---|---|---|---|---|
City of Aberdeen | 1900 | ||||
Aberdeenshire | |||||
Angus (Forfarshire) | |||||
Argyll | |||||
Ayrshire | |||||
Banffshire | |||||
Berwickshire | |||||
Bute | |||||
Caithness | |||||
Clackmannanshire | |||||
Cromartyshire | |||||
Dumfriesshire | |||||
Dunbartonshire (Dumbarton) | |||||
City of Dundee | 1894 | ||||
East Lothian (Haddingtonshire) | |||||
City of Edinburgh | |||||
Fife | |||||
City of Glasgow | 1893 | ||||
Inverness-shire | |||||
Kincardineshire | |||||
Kinross-shire | |||||
Kirkcudbrightshire | |||||
Lanarkshire | |||||
Midlothian (County of Edinburgh) | |||||
Moray (Elginshire) | |||||
Nairnshire | |||||
Orkney | |||||
Peeblesshire | |||||
Perthshire | |||||
Renfrewshire | |||||
Ross and Cromarty | |||||
Ross-shire | |||||
Roxburghshire | |||||
Selkirkshire | |||||
Shetland (Zetland) | |||||
Stirlingshire | |||||
Sutherland | |||||
West Lothian (Linlithgowshire) | |||||
Wigtownshire |
Grevskap | Før 1889 | 1889-1974 | 1974-1996 | Etter 1996 | Postvesen etter 1974[4] | |
---|---|---|---|---|---|---|
Bevart[3] | Grevskap[12] | |||||
Anglesey | ||||||
Brecknockshire | ||||||
Caernarfonshire | ||||||
Cardiganshire | Ceredigion | |||||
Carmarthenshire | ||||||
Clwyd | ||||||
Denbighshire | ||||||
Dyfed | ||||||
Flintshire | Flintshire | |||||
Glamorgan | ||||||
Gwent | ||||||
Gwynedd | ||||||
Merionethshire | ||||||
Mid Glamorgan | ||||||
Monmouthshire | Monmouthshire | |||||
Montgomeryshire | ||||||
Pembrokeshire | ||||||
Powys | ||||||
Radnorshire | ||||||
South Glamorgan | ||||||
West Glamorgan |