Grimkjell | |
Fødd | 10. hundreåret |
Død | |
Yrke | katolsk prest, katolsk biskop |
Religion | Den romersk-katolske kyrkja |
Grimkjell var ein angelsaksisk biskop som levde på 1000-talet. Han var hirdbiskop og rådgjevar hjå kong Olav den heilage. Saman med kongen var han med å skipa og sette kristenretten på Mostratinget i 1024 på Moster på Bømlo. Biskop Grimkjell var viktig i prossessen for å få heilagkåra kong Olav (heilagmenne). Han vart sist nemnd i 1046, då han skal ha vore til stades under forliket mellom Magnus den gode og Harald Hardråde.
Namnet Grimkjell er sett saman av Grim og Kjell. Det er særst få som bruker dette namnet i dag.