Grinda | |||
øy | |||
Land | Sverige | ||
---|---|---|---|
Del av | Stockholms skjergard | ||
Grinda 59°24′35″N 18°34′00″E / 59.409722222222°N 18.566666666667°E | |||
Wikimedia Commons: Grinda |
Grinda er ei øy i Stockholms skjergard i Sverige. Ho ligg sør for Ljusterö, aust for Vaxholm og vest for Svartsö og Möja.
Grinda er ei populær øy for campingturistar, andre turistar og båtfolk, særleg om sommaren. Det meste av øya er eigd av den ideelle organisasjonen Skärgårdsstiftelsen, som vedlikeheld naturen og fasilitetane på øya for vitjande. Øya har eit vertshus, ein bar og ein butikk.