Gro Steinsland (fødd 13. desember 1945) er ein norsk religionshistorikar.
Steinsland er dr.philos. og professor i religionshistorie ved Universitetet i Oslo. Hennar forskingsområde er religion i vikingtid og nordisk mellomalder, og ho har publisert ein rad artiklar og bøker med førkristen nordisk religion som tema.
- Det hellige bryllup og norrøn kongeideologi; en analyse av hierogami-myten i Skírnismál, Ynglingatal, Háleygjatal og Hyndluljód. Doktorgradsavhandling ved Universitetet i Oslo (1989); Solum forlag, Oslo 1991
- Før kristendommen : digtning og livssyn i vikingetiden, skrive saman med Preben Meulengracht Sørensen. København 1990
- Menneske og makter i vikingenes verden, skrive saman med Preben Meulengracht Sørensen. Oslo 1994. Svensk utgåve 1998
- Eros og død i norrøne myter, Oslo 1997
- Voluspå, attdikting og kommentar skrive saman med Preben Meulengracht Sørensen, Pax forlag, Oslo 1999. Dansk utgåve 2001
- Den hellige kongen; om religion og herskermakt fra vikingtid til middelalder, Pax forlag, Oslo 2000
- Heilage stader i Norge, skrive saman med Magnus Rindal. Oslo 2001
- «Kvite-Krist : skreddarsydd for vikingar?», i tidsskriftet Syn og Segn, 2001
- redigert tekstsamlinga Voluspå, og andre norrøne helligtekster i serien Verdens Hellige Skrifter (2003)
- redigert tekstsamlinga Draumkvedet, og tekster fra norrøn middelalder i serien Verdens Hellige Skrifter (2004)
- Norrøn religion; Myter, riter, samfunn Pax forlag, Oslo 2005. Svensk utgåve 2007