Grong

Grong
Mediå
tettstad
Land  Noreg
Fylke Trøndelag
Kommune Grong
Areal 1,13 km²
Folketal 1 056  (2023)
Folketettleik 935 / km²
Postnummer 7870 Grong
Kart
Grong
64°27′50″N 12°18′51″E / 64.46388889°N 12.31416667°E / 64.46388889; 12.31416667
Wikimedia Commons: Grong (village)

Grong er ein tettstad og administrasjonssenteret i Grong kommune i Trøndelag fylke. Tettstaden ligg ved der elvane Namsen og Sanddøla flyt saman og har 1 056 innbyggjarar per 1. januar 2023.

Busetnaden i Grong ligg i hovudsakleg rundt Mediå, der mellom anna kommunehuset, barne- og ungdomsskolen, vidaregåande skole og Namdals folkehøgskole held til. Jernbanestasjonen og Grong kyrkje ligg i bygningsmassen litt lenger sør, aust for Tømmeråshola i Sanddøla. E6 passerer Grong på vest- og nordsida, medan fylkesveg 391 og fylkesveg 392 tar av frå E6 og går inn til tettstaden.[1]

  1. «Grong - tettsted». Store norske leksikon. 1. april 2016. Henta 28. mai 2017.