Gunnar Sønstevold | |||
| |||
Fødd | 26. november 1912 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Elverum kommune | ||
Død | 18. oktober 1991 (78 år) | ||
Opphav | Noreg | ||
Instrument | piano | ||
Verka som | komponist, filmmusikkomponist, jazzmusikar | ||
Gift med | Maj Sønstevold | ||
Prisar | Filmkritikerprisen |
Gunnar Sønstevold (26. november 1912–18. oktober 1991) var ein norsk komponist frå Elverum og var òg ein kjend jazzpianist i trettiåra. Han var uvanleg mangslungen i uttrykksform og i siste perioden var musikken hans prega av tolvtoneteknikk.
Sønstevold studerte piano med Nils Larsen og Erling Westher. I 1930-åra utmerka han seg som jazzpianist i gruppa Funny Boys. Under den tyske okkupasjonen var han flykting i Sverige der han kom i kontakt med det som skulle bli den namnkjende måndagsgruppa. Leiar i gruppa var komponisten Hilding Rosenberg som òg vart Sønstevold sin lærar i komposisjon. Etter krigen kom han tilbake til Noreg og arbeidde med film- og teatermusikk. I 1955 vann han Filmkritikerprisen for filmmusikken til Det brenner i natt. I perioden 1960–1967 studerte han komposisjon ved Hochschule für Musik und Darstellende Kunst i Wien. I 1967 vart han tilsett som musikalsk leiar i NRK. Han har undervist ved Institutt for musikkvitskap ved Universitetet i Oslo. Han vann Lindemanprisen i 1985.
Gunnar Sønstevold var gift med den svenske komponisten Maj Sønstevold.