Gunstein Bakke | |
Nasjonalitet | Norsk |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 30. mars 1968 (56 år) Grendi |
Yrke | Forfattar |
Periode | 2000- |
Debut | Kontoret |
Gunstein Bakke (fødd 30. mars 1968 i Grendi i Bygland)[1][2][3] er ein norsk forfattar. Han debuterte med romanen Kontoret i 2000.
Han er utdanna cand.mag. med fransk, idéhistorie og litteraturvitskap.[4]
Bakke var saman med Eirik Ingebrigtsen initiativtakar og redaktør av antologien Respons 22/7 i 2011.[5]
I 2011 vart han nominert til Brageprisen for Aud og Maud. Ein roman om trafikk.[6] Året etter fekk han Melsom-prisen[7] og European Union Prize for Litterature[8] for boka.
Bakke har gjendikta Alle med lunger kopla saman av Juliana Spahr i 2008 og Det er en sang, det er en sang av Maḥmūd Darwīsh i 2009.[4] I 2012 kom gjendiktinga hans av Polyfem forvandla og Meisteren Ma av finlandssvenske Willy Kyrklund i ei dobbelutgjeving.[9] Same året kom også Skake av Carolyn D. Wright på norsk i hans gjendikting.[10]
Bakke arbeider også med dramatikk og har vore knytt til Propellen Teater i Trondheim. Monologen Stemmehøyrarane #3 vart framført i Trondheim i 2007.[4]