Guri Melby | |||
| |||
Fødd | 3. februar 1981 (43 år) Orkdal kommune | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Venstre | ||
Yrke | politikar, lektor | ||
Utdanna ved | Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet | ||
Verv | Norsk kunnskaps- og integreringsminister 13. mars 2020– | ||
Verv | Byråd i Oslo for samferdsle og miljø 2013–2015 | ||
Føregangar | Ola Elvestuen | ||
Etterfylgjar | Lan Marie Nguyen Berg | ||
Verv | Stortingsrepresentant 2018–2020 | ||
Alle verv |
|
Guri Melby (fødd 3. februar 1981) er ein norsk politikar og leiar for Venstre. Ho var kunnskaps- og integreringsminister i Erna Solberg si regjering frå 13. mars 2020 til 14. oktober 2021.[1][2]
Melby var byråd for miljø- og samferdsle i Oslo frå 2013 til 2015. Etter kommunevalet i 2015 vart ho gruppeleiar for Venstre i Oslo (2015–2018) og nestleiar i samferdsle- og miljøkomiteen i Oslo bystyre.[3] Ho var fast møtande vararepresentant på Stortinget medan Trine Skei Grande satt i regjering, og var finanspolitisk talsperson for Venstre.
Melby var fødd i Orkdal. Ho var medlem av Orkdal kommunestyre 1999–2007 og medlem av Trondheim bystyre 2007–2011.[4][5] Ho var Venstre sitt 1. kandidat til Stortinget frå Sør-Trøndelag ved vala i 2005 og 2009, og 3. kandidat i Oslo i 2013 og 2017. I perioden 2013–2017 og 2017–2021 var ho 1. vararepresentant for Trine Skei Grande og Ola Elvestuen. Melby har vore medlem av Venstre sitt landsstyre sidan 2008, medlem av sentralstyret sidan 2010 og leiar i programkomiteen til partiet framfor stortingsvalet i 2013 og stortingsvalet 2021. Melby var medlem av eit regjeringsoppnemnt utval som skulle utreie trus- og livssynspolitikken 2010–2013.[6][7] Ho har òg bakgrunn frå Unge Venstre, der ho sat i sentralstyret i fleire periodar.
Melby har mastergrad i nordisk frå Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet frå 2007. Melby si masteroppgåve handla om dialektbruken i TV-programmet Team Antonsen.[8] Ho vart høgskolelektor ved Høgskolen i Oslo og Akershus sidan høsten 2012. Før dette var ho lærar ved Høgskolen i Sør-Trøndelag 2008–2011, rådgjevar ved Nasjonalt senter for skriveopplæring og skriveforskning 2010–2011 og rådgjevar i Kunnskapsdepartementet 2011–2012.[9]
Då Ola Elvestuen vart vald inn på Stortinget i 2013 tok Melby over som Byråd for miljø- og samferdsle i Oslo. Frå 15. oktober 2013 til oktober 2015 var ho byråd for samferdsle og miljø i Oslo.[10] I oktober 2014 vart ho nominert på førsteplass på Venstre si valliste i Oslo framfor bystyrevalet i 2015. Som byråd for miljø- og samferdsle hadde ho ansvar for utbygginga av kollektivtrafikken i Oslo og kjøp av nye trikkar til byen. Ho hadde òg ansvaret for sykkelsatsinga i Oslo.[11]
I perioden mellom tida som byråd og stortingsrepresentant var Melby gruppeleiar for Venstre i Oslo bystyret og nestleiar i samferdsle- og miljøkomiteen.
Frå 1. januar 2016 til mars 2018 var ho styreleiar i Språkrådet.[12][13]
Då Venstre gjekk inn i Regjeringa Solberg 17. januar 2018, tok Melby over som stortingsrepresentant for statsråd Skei Grande. Ho var tidlegare kunnskapspolitisk talsperson, og satt i Stortingets Utdannings - og forskningskomiteé, men gjekk i januar 2020 inn i Stortingets finanskomité og vart finanspolitisk talsperson for Venstre.[14]
13. mars 2020 overtok Melby som kunnskaps- og integreringsminister i Solberg-regjeringa etter at Trine Skei Grande gjekk av som statsråd.