Gustav Borgen | |
Sjølvportrett av Gustav Borgen frå 1915. | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 10. juni 1865 Christiania |
Død |
16. august 1926 (61 år) |
Yrke | fotograf |
Gustav Borgen på Commons |
Gustav Borgen (10. juni 1865–16. august 1926) var ein norsk fotograf verksam rundt 1900.[1]
Borgen var fødd i Kristiania og arbeidde der mellom 1891 og 1922.[2] Ein kjenner lite til dei fyrste åra hans som fotograf. I 1891 tok han over atelieret og butikken til den danske fotografen Frederik Klem. Lokala låg i Universitetsgata 6. Seinare flytta han til Karl Johans gate 45, den såkalla Groschgården. Her dreiv han fram til han selde i 1922.
I samlinga etter Borgen finner ein portrett av samtidas prominente personar, som medlemmar av regjeringa, stortingsmenn, generalar, direktørar, forfattarar og kunstnarar, og portrett av borgarlege Kristiania-familiar frå tida rundt førre hundreårsskifte. Samlinga er tilgjengeleg gjennom DigitaltMuseum.