Guy Evans

Guy Evans

Guy Evans i 2011
Fødd17. juni 1947 (77 år)
FødestadBirmingham i England
FødenamnGuy Randolph Evans
OpphavStorbritannia
SjangerProgressiv rock
InstrumentTrommer, perkusjon
Tilknytte artistar
Verka somMusikar, låtskrivar

Guy Randolph Evans (fødd 17. juni 1947) er ein engelsk trommeslagar, perkusjonist og komponist. Han er medlem av det progrockbandet Van der Graaf Generator.

Medan han gjekk på University of Warwick (1965–68), spelte Evans i universitetetsbandet The New Economic Model. Bandet, som hovudsakleg spelte amerikansk soul frå 1960-åra, deltok på universitetsdansar og varma opp for band som Pink Floyd og The Move.

Evans vart medlem av Van der Graaf Generator i 1968 og vart verande med dei fram til 1978, og igjen etter sameininga i 2005.

I tillegg til arbeidet sitt med Van der Graaf Generator, har Evans samarbeidd med andre musikarar, ofte med andre medlemmar i Van der Graaf Generator, som på The Long Hello-prosjektet og i K Group. Han arbeidde òg i Echo City som bygde «lydbaserte leikeplassar», utandørskonstruksjonar nytta til å lage musikk, ofte for handikappa barn. Evans arbeidde i mange år i Shape Arts i ei administrativ rolle og som arbeidsleiar.[1]

Han har vore trommeslagar i Subterraneans sidan 2002.

Diskografi

[endre | endre wikiteksten]

Bandmedlem

[endre | endre wikiteksten]

Med Van der Graaf Generator:

Med The Misunderstood:

  • Tuff Enough / Little Red Rooster (1969)
  • Never Had A Girl (Like You Before) / Golden Glass (1969)

Med Echo City:

  • Gramophone (1987)
  • The Sound of Music (1992)
  • Sonic Sport 1983–88 Part One (1995)
  • Loss of the Church 1997 (1997)
  • Echo City (1999 CD)
  • Single2000 (2000 CD)

Med Subterraneans:

  • Orly Flight (2003)
  • Themes for Maya Deren (2004)
  • Soul Mass Transit (2006)
  • Live in Berlin (2008)
  • Eights and Rhymes (2008)
  • This Too Shall Pass (2011)

Med Nic Potter:

Med David Jackson og Life of Riley:

  • The Long Hello Volume Four (1982)

Med David Jackson og Hugh Banton:

  • Gentlemen Prefer Blues (1985)

Med Peter Hammill:

Med Big Buddha:

  • Buddhology – Revelations from Under the Encounter (1993)
  • The Dogford Chronicles (1993)

Med Peter Hammill:

Med Charlie and The Wide Boys:

  • Gilly I Do (1974 EP)
  • Great Country Rockers (1976)

Med Footsbarn Present's:

  • The Circus Tosov (1980)

Med Didier Malherbe og Yan Emerich:

  • Melodic Destiny (berre kassett)

Med Mother Gong:

  • Robot Woman (1982)
  • Rober Woman 2 (1982)
  • Words Fail Me (1982 berre kassett)
  • Live at Glastonbury 1981 (1982 berre kassett)
  • Glastonbury '79–'81 (2005)

Med Amon Düül UK:

  • Meetings With Menmachines Inglorious Heroes of the Past... (1983)[2]
  • Die Lösung (1989)
  • Fool Moon (1989)[3]

Med Nigel Mazlyn Jones:

  • Breaking Cover (1982)
  • Water From The Well (1987 berre kassett)
  • Angels Over Water (1993)
  • Behind the Stone (2002)

Med Peter Blegvad:

  • Knights Like This (1985)
  • U Ugly I (1985)
  • Special Delivery (1985)

Med Frank Tovey:

  • Snakes And Ladders (1986)

Med Kazue Sawai:

  • Eye To Eye (1987)

Med Anthony Phillips og Harry Williamson:

  • Tarka (1988)
  1. Unique Music., arkivert frå originalen 18. september 2018, henta 26. juli 2020 
  2. «Amon Düül II* – Meetings With Menmachines Inglorious Heroes of the Past ... (Vinyl, LP) at Discogs». Discogs.com. 4. september 1982. Henta 13. oktober 2011. 
  3. «Amon Düül* – Fool Moon (CD, Album) at Discogs». Discogs.com. Henta 13. oktober 2011. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]