Gándara | |||
elv | |||
Land | Spania | ||
---|---|---|---|
Lengd | 18 km | ||
Kjelde | La Gándara | ||
Munning | Asón | ||
Gándara 43°13′59″N 3°28′07″W / 43.233140019504°N 3.4686538882819°W | |||
Wikimedia Commons: Gándara River |
Gándara (òg kalla Soba) er ei elv nord i Spania. Ho renn gjennom den autonome regionen Cantabria og munnar ut i Asón. Elva er 18 km lang. Gándara har gode høve for aurefiske.
Elva har fått namn etter sletta der ho oppstår, La Gándara, nedanfor Becerral-klippa. Ho renn frå vest til aust fram til Bolea og Regules-brua, der ho vender nordover. Seinare renn ho austover igjen. I somme område dannar elva fossefall.