Gøran Johannessen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 26. april 1994 (30 år) Stavanger kommune |
Idrett | handball |
Tok del i | Handball-EM 2018 for menn |
Gøran Søgard Johannessen (fødd 26. april 1994) er ein norsk handballspelar frå Stavanger som vann sølv med Noreg under Handball-VM 2017 i Frankrike. Sidan 2016 spelar han på det danske handballaget Gudme. Han er midtre rykkromspelar og var aktiv på Viking Håndball i åra 2010-16. Johannessen hadde per 1.11.2017 delteke i 33 landskampar og skåra 57 mål for Noreg.