H-dagurinn den 26. mai 1968 var den dagen Island skifta frå venstrekøyring til høgrekøyring.[1] Endringa skjedde formelt klokka 06.00.
Sjølv om Island var styra av Danmark, som offisielt vedtok høgrekøyring i 1793, køyrde dei fortsatt på venstre side. Ein plan om å byte til høgre blei avbrote av andre verdskrig, da landet var under britisk militær okkupasjon. Den militære trafikken var større enn den sivile.[2]
Alltinget sette fram fylgjande krav 13. mai 1964: Alþingi ályktar að skora á ríkisstjórnina að láta hefja hið allra fyrsta undirbúning að því, að upp verði tekinn hægri handar akstur hér á landi (Alltinget oppfordrer regjeringa til å iverksette første planlegging om korleis ein kan byte til høgrekøyring her i landet).[3]
I 1965 vart det vedteke ein ei lov om at landet skulle byte til høgrekøyring i 1968. Avgjerda til Sverige om å bytte til høgrekøyring i 1967, og det å samstille seg med resten av Norden, påverka au beslutninga til Island. I tillegg opplevde Island auka tal på besøkande frå USA og fastlands-Europa.
Trafikknemnda (Umferðarnefnd) skulle handtere oppgåva. Kostnaden utgjorde over 33 millionar islandske kroner til ombygging av bussar og tolv millionar kroner til endringar i infrastruktur. I løpet av natta før endringa ble 1662 skilt over heile landet byta ut, og totalt tal på endra skilt var 5727.[4]
Den einaste trafikklykka som direkte kunne bli kopla til overgangen var ein syklande gut som braut beinet.[5]
I samsvar med risikoteoriar falt trafikkulykkesfrekvensen ein periode da sjåførane overkompenserte for auka risiko på grunn av køyring på den ukjende sida av vegen. Etter kvart steig ulykkestalet til same nivå som før endringa.[6]