HMS «Devonshire» (1927)

HMS «Devonshire» (1927)
Karriere i Storbritannia
Klasse: «London»-klassen
Type: Kryssar
Systerskip: HMS «London»
HMS «Shropshire»
HMS «Sussex»
Verft: Devonport Dockyard
Kjølstrekking: 16. mars 1926
Sjøsett: 22. oktober 1927
Sett i teneste: 18. mars 1929
Framdrift: Dampturbinar, 80 000 hk
Generelle eigenskapar
Deplasement: 9 850 tonn tonn
Lengd: 192,80 m
Djupgang: 6,88 meter
Mannskap: 784

HMS «Devonshire» var ein britisk kryssar som er best kjend i Noreg som skipet som evakuerte kongefamilien og den norske regjeringa i 1940.

HMS «Devonshire» mellom 1939 og 1945

Skipet vart sjøsett 22. oktober 1927 og kom i operativ teneste 18. mars 1929. Andre skip i same klassa var: HMS «London», HMS «Shropshire», HMS «Sussex». Storleiken på skipet var: deplasement = 9 850 tonn, lengde 192,80 m, breidde 20,12 m, djuptgåande: 6,32 m. Våpensystem m.a.: 8 x 8" kanoner, 4 x 4" kanoner, 4 x 2 punds luftvernkanoner, 8 torpedorør. Skipet var utstyrt med eit fly og hadde eit mannskap på 784 mann.

Skipet gjorde først teneste i 1. kryssarskvadron i Middelhavet, og vart stort sett der fram til byrjinga av andre verdskrigen. Det tok del i den allierte kampanjen i Noreg, og etter at dei norske styrkane måtte kapitulere i juni 1940 var det HMS «Devonshire» som evakuerte den norske regjeringa, kongefamilien og mange sivile.[1][2] Med totalt 461 passasjerar gjekk skipet frå Tromsø i åtte-tida om kvelden 7. juni 1940. Det var stor krigsaktivitet i farvatnet der dei fór og mellom andre vart hangarskipet HMS Glorius senka av tyske krigsskip og 1.419 personar omkom. HMS «Devonshire» tok ikkje del i kamphandlingane, og om morgonen 10. juni kom dei velberga fram til hamnebyen Greenock i Skottland.

Seinare i 1940 var skipet med i operasjonar mot Vichy-franske område i Afrika. I januar 1941 vart det sendt til Sør-Atlanteren for å ta del i jakta på den tyske hjelpekryssaren «Kormoran», men utan å lukkast. Mellom mai og september tok det del i operasjonar utanfor kysten av Noreg og Russland.

2. november 1941 var HMS «Devonshire» med på å kapre ein heil Vichy-fransk konvoy aust for Kapp det gode håp. Seinare same månaden, 22. november, senka skipet den tyske hjelpekryssaren «Atlantis» nord for Ascension i Sør-Atlanteren.

I mars 1942 var skipet stasjonert i Indiahavet, og i april tok det del i erobringa av Madagaskar. Frå mars 1944 og til slutten av krigen tenestegjorde skipet i heimeflåten (Home Fleet). HMS «Devonshire» kom attende til norske farvatn i 1944 som eskorteskip under dei britiske hangarskipsoperasjonane med angrep mot slagskipet «Tirpitz».

Etter fem lange krigsår, kom kryssaren HMS «Devonshire» nok ein gong til Noreg. 7. juni 1945, på dagen fem år etter avreisa fra Tromsø i 1940, kom skipet inn på Oslos havn i spissen for ein marinestyrke som førte kong Haakon, kronprinsesse Märtha og kronprinsborna attende til Noreg.

Etter krigen vart HMS Devonshire bygt om til treningsskip i 1947, og heldt fram i denne tenesta til det vart selt for opphogging i 1954.

  1. «Kongen og marinen til England». Forsvarsmuseet. Arkivert frå originalen 5. mars 2016. 
  2. Cato Guhnfeldt (8.jun. 2015). «Skipet som reddet kongen». Aftenposten. Arkivert frå originalen 15. juli 2015. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]