Hadseløya | |
---|---|
Geografi | |
Stad | Nord-Noreg |
Koordinatar | 68°32′N 14°47′E / 68.533°N 14.783°E |
Øygruppe | Vesterålen
|
Areal | 102 km²
|
Høgaste punkt | Lamlitinden (656 moh.)
|
Administrasjon | |
Land | Noreg |
Fylke | Nordland |
Største busetnad | Stokmarknes (3081 innb.)
|
Hadseløya (nordsamisk Ulbi) er ei øy i Hadsel kommune i Vesterålen i Nordland med eit areal på 102 km². På øya ligg tettstadane Melbu og Stokmarknes. Det høgaste punktet på Hadseløya er Lamlitinden på 656 moh.
Hadseløya er knytt til den vesle Børøya med Børøybrua og vidare med Hadselbrua til Langøya. Riksveg 82 (tidlegare E10) går over bruene via Stokmarknes til Melbu, og med ferje til Fiskebøl på Austvågøy. Det går òg fylkesveg på yttersida av Hadseløya mellom Stokmarknes og Melbu.