Haitian Health Foundation (HHF) er ein USA-amerikansk ideell organisasjon som arbeider på landsbygda sørvest i Haiti for å gje helsetenester, utviklingshjelp, naudhjelp og utdanning.
HHF er støtta av private donorar, USAID og andre ikkje-statlege organisasjonar, i tillegg til at dei får støtte gjennom at folk leverer klede, gjenstandar og liknande, og dei frivillige som arbeider for organisasjonen. Hovudkvarteret deira ligg i Norwich i Connecticut, og den noverande direktøren er Jeremiah J. Lowney, som også grunnla organisasjonen. Den noverande daglege leiaren er E. Marilyn Lowney.
Denne samfunnsartikkelen som har med Haiti å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han. |