Halul | |||
حالول | |||
øy | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Koordinatar | 25°40′30″N 52°24′41″E / 25.67500°N 52.41139°E | ||
![]() Halul 25°40′20″N 52°24′30″E / 25.672222222222°N 52.408333333333°E | |||
Wikimedia Commons: Halul Island |
Halul (arabisk حالول) er ei øy i Qatar. Ho ligg kring 100 km nordaust for Doha og er eit lagringsområde og losseterminal for olje frå dei kringliggande oljefelta i havet.[1] Ein av hovudbasane til den qatarske marinen ligg på Halul.[2] Kystvakta har òg ein base på øya.[3]
Tidleg på 1900-talet var det stort sett perledykkarbåtar som vitja øya.[4]
Kort tid etter oljeindustrien i Qatar kom i gang byrja staten i midten av 1950-åra å investere resursar i å omgjere Halul til ein stor oljeterminal. Øya vart enno viktigare då dei i 1960-åra byrja å utnytte fleire oljefelt i havområdet. Mellom 1964 og 1966 vart det bygd industriområde på øya. I 2015 hadde øya 11 flytande oljetankar med ein kapasitet på i alt 5 millionar fat råolje.[3]
Halul produserer sin eigen elektristet. Her er ni turbogeneratorar med ein kapasitet på 43 MW. To avsaltingsverk på Halul leverer kvar dag 400 kubikkmeter vatn.[3]
Det meste av øya ligg på eit sedimentært lag frå paleozoikum. Hormuz-formasjonen frå kambrium er det dominerande overflatelaget.[5] Det er eit av berre to territorium i Qatar som ligg på ei flate frå paleozoikum.[6] Det finst jernoksid som hematitt og oker på øya, men dette er ikkje vunne ut på grunn av store kostnader med utvinninga og transporten bort frå øya.[7]