Hamadia

Hamadia
landsby
Land  Israel
Region Beit She'an-dalen
Distrikt Nord distrikt
Koordinatar 32°31′12.72″N 35°31′11.27″E / 32.5202000°N 35.5197972°E / 32.5202000; 35.5197972
Folketal 379 (2017)
Grunnlagd 1939
1942 (nygrunnlegging)
Tilhøyrsle Kibbutzrørsla
Kart
Hamadia
32°31′13″N 35°31′11″E / 32.5202°N 35.519797222222°E / 32.5202; 35.519797222222
Kart som viser Hamadia.
Kart som viser Hamadia.
Kart som viser Hamadia.
Wikimedia Commons: Hamadia

Hamadia (hebraisk חֲמַדְיָה) er ein kibbutz i Beit She'an-dalen, like nord for Beit She'an nord i Israel. Han høyrer til Emeq ha-Ma'ajanot regionale kommune.

Kibbutzen vart grunnlagd i 1939 som ein del av tårn og palisaderørsla. Han vart grunnlagd på ny i 1942 av «Hermonim»-pionerar, ein garin av israelarar som var ein del av ungdomsgruppa.

Kibbutzen tok namnet sitt frå al-Hamidiyya, ein fråflytta arabisk landsby nord for kibbutzen kalla opp etter sultanen av Tyrkia, Abdul Hamid II.