Hamat Gader | |||
varmekjelde | |||
Hamat Gader
| |||
Land | Israel | ||
---|---|---|---|
Koordinatar | 32°41′2.51″N 35°39′55.43″E / 32.6840306°N 35.6653972°E | ||
Hamat Gader 32°41′03″N 35°39′55″E / 32.68403056°N 35.66539722°E | |||
Kart som viser Hamat Gader.
| |||
Wikimedia Commons: Hamat Gader |
Hamat Gader (hebraisk חַמַּת גָּדֵר; arabisk الحمة السورية El-Hamma El-Souriya, som tyder «Den syriske Hamma») er ein stad i Yarmoukdalen nær Genesaretsjøen i Golanhøgdene. Namnet tyder «varmekjeldene i Gadara», og syner til fleire mineralkjelder med temperaturar opp mot 50 °C. Gadara, dagens Umm Qais i Jordan, ligg 4 km unna.
Hamat Gader ligg nær grensa mellom den israelskokkupert delen av Golanhøgdene og Jordan.
Det gamle namnet på Hamat Gader er bevart i det lokale arabisk namnet på staden (el-Ḥamma, arabisk الحمّـة}}, hebraisk אל חמה), og på haugen nær staden, Tel Bani, ei forvansking av det greske ordet for «bad».
Hamat Gader var kjend som feriestad i romartida.
Bygginga av eit badeanlegg byrja på 100-talet av 10. romerske legionen, som var i garnison i byen Gadara. I dag består av anlegg av det romersk-bysantinske anlegg og bygg som vart bygd i den muslimske perioden.[1]
I tillegg vart det bygd eit romersk teater på 200-talet med sete til 2 000. Ei stor synagoge vart bygd på 400-talet.[2] Somme av bygningane vart øydelagd av eit jordskjelv på 600-talet og restaurert av omajadane som styrte frå Damaskus. På 800-talet vart ikkje bada lenger nytta og eit tjukt lag med mudder dekkjer i dag ruinane.